Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Utenrikspolitikk

EØS er ikkje utanrikspolitikk

«Europapolitikken er blant dei viktigaste delane av utanrikspolitikken,» seier generalsekretær i Kristeleg Folkeparti Hilde Frafjord Johnsen i Dag og Tid 8.09. Men ho tek heilt feil.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 17. september 2017

«Europapolitikken er blant dei viktigaste delane av utanrikspolitikken,» seier generalsekretær i Kristeleg Folkeparti Hilde Frafjord Johnsen i Dag og Tid 8.09.

Men ho tek heilt feil, og difor har det òg vore heilt rett av regjeringa til Erna Solberg å halde seg med ein eigen EU- og EØS-minister. Berre synd at denne viktige posten har vorte flytta frå Statsministerens kontor til Utanriksdepartementet, for alle dei rundt 75 avtalane Noreg har med EU, ikkje minst den viktigaste av dei, EØS-avtala, er sektorvise avtaler knytt til dei einskilde departementas verksemd. Dei har ikkje noko med utanrikspolitikk å gjere.

I EU finns det to institusjonar som gjer bindande politiske vedtak. Det er Europaparlamentet, som er satt saman av partigrupper lik dei nasjonale parlamenta i medlemsstatane, og Rådet for Den europeiske union, kor representantar frå dei einskilde regjeringane i medlemsstatane sitt. I mest alle saker tek dei to institusjonane avgjerdslar saman, men i Rådet sit ikkje faste representantar som i Parlamentet, men fagministrane frå medlemsstatane avhengig av kva sak dei skal vedta. Om det er utdanningssakar, kjem utdanningsministrane til Brussel, om det er finansielle saker er det finansministrane som representerer medlemsstatane og så bortetter. Slik òg for saker knytt til den sameinte utanriks- og forsvarspolitikken hjå EU.

Det er altså ikkje slik kritikarane av Solberg-regjeringas EU- og EØS-minister trur, at EU-samarbeidet er eit utanrikspolitisk samarbeid. Difor høyrer heller ikkje dei sakene som kjem frå EU til Noreg gjennom EØS-avtalen og andre avtalar me har med EU heime i Utanriksdepartementet. Etter 25 år skulle me tru at politikarar på toppen av hierarkiet her heime hadde skjønt dette, ikkje minst ein politikar som Jonas Gahr Støre. Han meiner opprettinga av denne stillinga var eit feilgrep, sjølv om ein Difi-rapport frå 2016 syner at norsk EØS-forvaltning har vorte meir profesjonell med dagens ordning: «De fleste sektorene har velfungerende systemer på plass for å håndtere EØS-saker på samme måte som andre saker.» Det er difor ingen grunn til at utanriksministeren tek over dette ansvaret, korkje fagleg eller politisk.

Innlegget er publisert i Dag og Tid 15.9.17.

Publisert: 21. september 2023
EØS Europa
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

AI EU fra utsiden
Jan Erik GrindheimMathilde Fasting

Vi trenger en åpen debatt om EU og norsk jordbruk

Den økonomiske kompensasjonen tollvernet utgjør for et bærekraftig jordbruk i Norge kan erstattes med andre støtteordninger.
HandelEU og EØS
Europa EU
Kjetil Wiedswang

En kur for EUs globale handlingslammelse

Norges forhold til EU surnet da Europakommisjonen tok kontroll. Nå foreslås en lignende ordning som modell for EUs utenrikspolitikk.
EU og EØS
EU
Jan Erik Grindheim

Europa mellom marknad og mangfald

Er framtida berre industri, teknologi og IT, eller kan me yte og nyte på andre måtar for å skapa økonomisk vekst og utvikling?
EU og EØSNæringspolitikk
Sauer på New Zealand, landbruk, bondegård, landskap, sau, landbrukspolitikk, subsidier, landbruksubsidier
Mathilde FastingJan Erik Grindheim

Realitetsorientering

EUs jordbrukspolitikk skal sikre bonden, beredskapen og bosetningen; slik også norsk jordbrukspolitikk skal.
EU og EØSNæringspolitikk
Euro
Per Christiansen

EUs valutakursordning ERM2

BREV nr. 112

EUs felles valuta bygger på EU-statenes erfaringer og ønsket om en felles fremtid. For å bruke euro som den nasjonale valuta må nye medlemmer oppfylle visse økonomiske krav, blant annet til valutakursstabilitet. EUs valutakursordning (ERM2) er her et virkemiddel, så lenge ikke alle EU-stater bruker euro. 
PengepolitikkEU og EØS
Mathilde FastingJan Erik Grindheim

Er norsk jordbrukspolitikk helt spesiell?

Er tollvern det eneste som kan redde og fremme norsk jordbruk? Det virker slik ifølge Sigrun Pettersborg og Hildegunn Gjengedal i Norges Bondelag.
EU og EØSNæringspolitikk

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo