Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
EU
Bildet er tatt av Dušan Cvetanović fra Pixabay.
EU og EØS

Europa mellom marknad og mangfald

Er framtida berre industri, teknologi og IT, eller kan me yte og nyte på andre måtar for å skapa økonomisk vekst og utvikling?

Jan Erik Grindheim

Publisert: 26. juni 2026

I september 2024 la Mario Draghi, den tidlegare italienske statsministeren og leiaren for Den europeiske sentralbanken, fram ein rapport om konkurranseevna til Den europeiske unionen, EU. Hovudkonklusjonen var at dei europeiske landa og unionen dei har samla seg i, manglar konkurransekraft i den globale økonomien i møte med Kina og USA.

Om ikkje EU skulle sakke akterut og ende i ein økonomisk stagnasjon, måtte det skapast ein radikal produktivitetsvekst gjennom betre koordinering av industrien og handelspolitikken til dei europeiske landa, og ein massiv årleg auke i investeringane.

Det vil seia meir felles lovgiving mellom medlemsstatane, ein finanssektor meir lik den USA har, med friare reglar og fleire investeringar på tvers av dei statlege grensene, og meir fleirnasjonalt eigarskap. Altså ein tettare integrert union.

USA innoverer, Kina kopierer, Europa regulerer

I ettertid har dette vorte kjent som Draghi-rapporten, som har vorte fylgd opp mellom anna av NHO her i Noreg med det dei kalla «Norges Draghi-rapport». Ja, leiaren sjølv fekk mest heltestatus og tilnamnet «Super Mario» då det stod på som verst, og som samfunnsøkonomen Stein Reegård «litt spøkefullt» har påpeikt, vart det i EU-krinsar snakka om at Italia kanskje har ein dårleg økonomi, men flinke økonomar.

Mario Draghi.Foto: Federico Gambarini / AP / NTB

For me talar ikkje berre om «Super Mario», men òg om eit par andre italienske økonomar med politisk pondus. Tidlegare EU-kommissær Mario Monti, som i 2010 skreiv om ein ny strategi for EUs indre marknad, og tidlegare statsminister Enrico Letta, som i april 2024 meinte at EU er noko langt meir enn ein marknad.

Problemet er berre at det i kjølvatnet av alle desse rapportane har vakse fram ein overordna idé om at USA innoverer og Kina kopierer, medan Europa berre regulerer. At noko slikt skulle komma ut av tankane til eit triumvirat av italienske økonomar, er for meg ei gåte, gitt kor innovative og livsnytande italienarane er. Men mykje av medisinen dei føreskriv for å gjera Europa konkurransedyktig andsynes Kina og USA, handlar om å fremja tradisjonell industri og teknologi gjennom ein betre integrert indre marknad i EU.      

Sameint i alle sine skilnadar?

Ikkje noko gale i det. Me treng nok langt meir tradisjonell industri og teknologi enn det mange postindustrielle romantikarar ser føre seg, om Europa skal klare seg framover. Men handlar alt om meir industri og teknologi i ein felles marknad? Eller kan me yte og nyte på andre måtar for å skapa økonomisk vekst og utvikling?

Nokre månader før Berlinmurens fall i 1989 sa Jacques Delors, leiaren av Europakommisjonen, i ein kjend tale til Europaparlamentet: «Du forelskar deg ikkje i ein stor marknad.» Om det som den gongen berre heitte Dei europeiske fellesskapa (EF) skulle utvikle seg til noko meir – slik han ynskte med omsyn til ein europeisk union – måtte dette samarbeidet gå langt djupare enn berre ein felles marknad.

Det gjer det i dag, men det som gjer Europa spanande, er kanskje ikkje kva landa i EU er sameinte om, men skilnadane mellom dei. Kva om me i tillegg til utviklinga av ein meir innovativ og integrert industri- og teknologisektor ser etter korleis me kan skapa økonomisk vekst og utvikling på basis av skilnadane mellom dei europeiske landa og deira regionale og lokale særeigenheiter – kan Europa då verte konkurransedyktig med Kina og USA?    

Europa imponerer, Kina kontrollerer, USA eroderer

Det eg elskar med Europa, er den rike historia til kontinentet, vakre variasjonar i natur og kultur, forskjellige språk og måtar å te og kle seg på; alt det du kan oppleva i flotte museum, kyrkjer og andre vakre bygg, på restaurantar inne og ute, store og små, med matopplevingar som varierer i det uendelege.

Europa imponerer rett og slett i all sin variasjon, og ikkje minst når ein ser kor lett det trass alt er å oppleva desse variasjonane. Me kan reise fritt mellom dei europeiske landa, og om me vart sjuke eller opplever andre ting me kanskje ikkje hadde planlagt, vert me tatt hand om av offentlege institusjonar.

Det beste av alt med dagens Europa er kanskje likevel at desse offentlege institusjonane har sin basis i velfungerande demokrati, der du og eg kan velja kven me vil skal styre oss. Og skal me til slutt snakke om at Europa regulerer, er det vel heller ikkje nødvendigvis noko gale med det. For som Magnus Furre Gjerde skreiv i Dag og Tid allereie i 2023, har EU vorte verdas fremste pådrivar for personvern og regulering av digital teknologi. Det treng me vel òg i ei verd der Kina freistar å kontrollere, og USAs demokrati ser ut til å erodere. 

Teksten er publisert i Dag og tid 24.6.2026.

Publisert: 24. juni 2026
Europa
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Sauer på New Zealand, landbruk, bondegård, landskap, sau, landbrukspolitikk, subsidier, landbruksubsidier
Jan Erik GrindheimMathilde Fasting

Realitetsorientering

EUs jordbrukspolitikk skal sikre bonden, beredskapen og bosetningen; slik også norsk jordbrukspolitikk skal.
EU og EØSNæringspolitikk
Euro
Per Christiansen

EUs valutakursordning ERM2

BREV nr. 112

EUs felles valuta bygger på EU-statenes erfaringer og ønsket om en felles fremtid. For å bruke euro som den nasjonale valuta må nye medlemmer oppfylle visse økonomiske krav, blant annet til valutakursstabilitet. EUs valutakursordning (ERM2) er her et virkemiddel, så lenge ikke alle EU-stater bruker euro. 
PengepolitikkEU og EØS
Jan Erik GrindheimMathilde Fasting

Er norsk jordbrukspolitikk helt spesiell?

Er tollvern det eneste som kan redde og fremme norsk jordbruk? Det virker slik ifølge Sigrun Pettersborg og Hildegunn Gjengedal i Norges Bondelag.
EU og EØSNæringspolitikk
Lars Peder Nordbakken

Fra betryggende kraftoverskudd til risikabel kapasitetskrise

Ubalansen mellom markedsstyrt etterspørsel og politikerstyrt tilbud truer med å skape permanente kraftunderskudd.
Økonomi og velferdNæringspolitikk
Aslak Versto Storsletten

25 år siden Equinor gikk på børs

Bedre å eie mye av noe stort enn alt av noe mindre.
NæringslivNæringspolitikk
Brexit EU Storbritannia
Kjetil Wiedswang

Den tunge veien tilbake

Ti år etter at Storbritannia stemte for å forlate EU, mener velgerne at det var en dårlig idé. Labour-regjeringens beste håp om å vinne neste valg er å love omkamp. Men det ligger et hopetall av snublesteiner i veien.
InternasjonaltEU og EØS

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo