Korleis skal folk få betre råd?
Då regjeringa la fram sin nye femårsplan sist måndag, var det fyrste målet deira at «folk skal få bedre råd».
Publisert: 21. desember 2025
Dessutan vil Støre og hjelparane hans «skape trygghet for arbeids- og næringsliv» i åra som kjem. Mun tru om det best kan gjerast slik Åsmund Ohnstad skriv i sin kommentar til meg i Dag og Tid 12. desember: ved hjelp av ein sjølvstendig rentepolitikk og på utsida av EU?
Tek eg ikkje heilt feil, er det vel den særnorske renta som for tida slit mest på folks økonomi. I eurolanda er styringsrenta på to prosent, i Noreg det dobbelte. Så kva meininga med ein sjølvstendig rentepolitikk er dersom målet er å gi folk betre råd, skjønar eg ikkje.
Med ei svak krone får eksportindustrien betre betalt for varene dei sel til andre land. Ikkje nokon tvil om det. Men ei svak krone gjev kvar og ein av oss dårlegare råd, og då må me krevja høgare løn. Med kva resultat? Prisane stig att, og me er like langt. Kanskje euro hadde vore ein god idé også her i landet?
Innlegget er publisert i Dag og Tid 19.12.2025.





