Sjølvforsyningsgraden og medlemskap i EU
Om det er tryggleik for norsk mat og sjølvforsyningsgraden til det norske folket regjeringa er oppteken av, burde me søkje om medlemskap i EU – heller enn å tru at føresetnaden for å få dette til er at den norske bonden har moglegheit til å ta ut ei inntekt på line med andre grupper i samfunnet.
Publisert: 19. juli 2026
Lik inntekt er eit framifrå mål for å fremje eit framtidsretta og godt jordbruk i Noreg. Men til landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen vil eg seie at ein høgare sjølvforsyningsgrad for mattryggleik for det norske folket i urolege tider krev meir enn det.
I Dag og Tid 3. juli skriv Sandtrøen i ein kommentar til eit tidlegare innlegg frå Erik Solheim om me får nok mat i ei verd med meir uro, at produktivitetsvekst og ei målretta satsing på visse typar
jordbruk vil kunne auka sjølvforsyningsgraden til 50 prosent mot rundt 40 prosent, der han ligg i dag.
Kanskje det, men om me hadde vore medlem av EU, ville me kunne ha tilpassa jordbruksproduksjonen endå betre til lokale forhold over heile landet og samstundes sikra ein høgare sjølvforsyningsgrad for mat generelt i samarbeid med dei europeiske nabolanda våre.
Me har allereie ein fot innanfor EUs satsing på dette området gjennom deltaking i møte i EUs mekanisme for beredskap og krisehandtering for mattryggleik (EFSCM). Men ein norsk jordbrukspolitikk tilpassa EUs felles landbrukspolitikk CAP ville kanskje kunne fremje den generelle mattryggleiken enda meir i urolege tider.
Teksten er publisert i Dag og tid 17.7.2026.





