Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
EU, Europa. Europeisk union, kart, stjerner,
iStockphoto.com
EU og EØS

Folkerøysting om EU: no eller aldri?

Tiltaka EU kom med mot Noreg sist veke, var ikkje «eit direkte uvenleg vedtak», slik redaktør Svein Gjerdåker skriv på leiarplass i Dag og Tid 21. november.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 30. november 2025

Det var eit resultat av at Noreg ikkje er med i EU sin tollunion og felles handelspolitikk. Og det har me valt sjølve. Vel, ikkje eg, men dei som forhandla fram EØS-avtala for meir enn 30 år sidan.

«EU-tilhengarar meiner denne saka på nytt syner at vi må ha ei ny EU-avrøysting», skriv Gjerdåker, men ikkje utan at meiningsmålingar syner «eit tydeleg folkeleg krav om ei ny folkerøysting».

Eg er ein ihuga EU-tilhengar, men eg vil ikkje at denne saka skal avgjera om me skal ha ei ny folkerøysting om medlemskap eller ikkje. Sjølv om tida absolutt er inne for det nett no.

I ei verd i sterk endring meiner eg, slik eg alltid har meint, at Noreg skal søkja medlemskap i EU for å fremja fred, fridom og framgang. Slik me har sett at EU og dei 27 medlemslanda har klart gjennom dette forpliktande samarbeidet i ein politisk union.

Eg er usamd med Gjerdåker i at me gjer best i å halda fram med å fortelja EU at det dei no gjer mot oss «er urimeleg». Det er det ikkje. For ifylgje WTO kan land innføre noko som heiter «beskyttelsestiltak» om andre land vil freista å dumpa prisene på varer i EUs indre marknad. Det kan EU gjera fordi EU er eit sjølvstendig medlem av WTO på lik line med sine medlemsland.

Denne saka, og alt det me baskar med EU om i EØS-avtala og dei hundre andre avtalane me har med EU, kan enkelt løysast med eit norsk medlemskap i unionen. Men eg trur Gjerdåker har rett i at om me pressar fram denne saka no, vert dette aldri noko av.

Me som trur på eit sameint Europa, der Noreg sjølvsagt er med fullt og heilt og ikkje stykkevis og delt, må difor berre seia dette om att og om att slik at det ein dag kanskje set seg hjå folk flest som ein god idé. Og då kan me røysta!

Teksten er publisert i Dag og Tid 28.11.2025.

Publisert: 30. november 2025
EU-medlemskap
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Europa EU
Kjetil Wiedswang

En kur for EUs globale handlingslammelse

Norges forhold til EU surnet da Europakommisjonen tok kontroll. Nå foreslås en lignende ordning som modell for EUs utenrikspolitikk.
EU og EØS
EU
Jan Erik Grindheim

Europa mellom marknad og mangfald

Er framtida berre industri, teknologi og IT, eller kan me yte og nyte på andre måtar for å skapa økonomisk vekst og utvikling?
EU og EØSNæringspolitikk
Sauer på New Zealand, landbruk, bondegård, landskap, sau, landbrukspolitikk, subsidier, landbruksubsidier
Jan Erik GrindheimMathilde Fasting

Realitetsorientering

EUs jordbrukspolitikk skal sikre bonden, beredskapen og bosetningen; slik også norsk jordbrukspolitikk skal.
EU og EØSNæringspolitikk
Euro
Per Christiansen

EUs valutakursordning ERM2

BREV nr. 112

EUs felles valuta bygger på EU-statenes erfaringer og ønsket om en felles fremtid. For å bruke euro som den nasjonale valuta må nye medlemmer oppfylle visse økonomiske krav, blant annet til valutakursstabilitet. EUs valutakursordning (ERM2) er her et virkemiddel, så lenge ikke alle EU-stater bruker euro. 
PengepolitikkEU og EØS
Jan Erik GrindheimMathilde Fasting

Er norsk jordbrukspolitikk helt spesiell?

Er tollvern det eneste som kan redde og fremme norsk jordbruk? Det virker slik ifølge Sigrun Pettersborg og Hildegunn Gjengedal i Norges Bondelag.
EU og EØSNæringspolitikk
Brexit EU Storbritannia
Kjetil Wiedswang

Den tunge veien tilbake

Ti år etter at Storbritannia stemte for å forlate EU, mener velgerne at det var en dårlig idé. Labour-regjeringens beste håp om å vinne neste valg er å love omkamp. Men det ligger et hopetall av snublesteiner i veien.
InternasjonaltEU og EØS

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo