Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Internasjonalt

Ein siger for europeisk tryggleikspolitikk?

Emmanuel Macron har vore meir oppteken av hard enn mjuk makt i utanrikspolitikken. Korleis vil det påverke tryggleikssamarbeidet i EU? Jan Erik Grindheim i Nationen.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 9. mai 2017

Emmanuel Macron har vore meir oppteken av hard enn mjuk makt i utanrikspolitikken. Korleis vil det påverke tryggleikssamarbeidet i EU?

Utanrikspolitikken er heilt sentral i fransk nasjonal identitet, og noko alle dei elleve kandidatane som var med i den franske presidentvalkampen frå starten av var opptekne av. Målet deira var å gjere Frankrike stort igjen på den internasjonale arenaen. At landet som tidlegare kolonimakt ikkje alltid har vore spesielt rettvist mot alle andre, betydde ikkje så mykje: Det er trua på eigen storheit som tel når franske veljarar røyster.

Denne dimensjonen i moderne fransk utanrikspolitikk går attende til Charles de Gaulle si presidenttid frå 1959 til 1969. De Gaulle var ein konservativ fransk nasjonalist, som såg alt internasjonalt samarbeid med utgangspunkt i franske nasjonale interesser. Difor sette han òg ein stoppar for at Storbritannia – og med det Noreg – vart med i det som på 1960-talet heitte Dei europeiske fellesskap, EF.

Den same logikken låg til grunn då de Gaulle i 1966 drog Frankrike ut or den sams kommandostrukturen i forsvarsalliansen NATO: han meinte Storbritannia og USA dominerte samarbeidet for mykje ut frå eigne interesser og at Frankrike vart ståande i andre rekkje. Slik vart det heilt til republikanaren og nygaullisten Nikolas Sarkozy tok Frankrike inn att som fullverdig medlem av NATO i 2009.

Med valet av Emmanuel Macron til ny fransk president på sundag, vil Sarkozy si line i fransk utanriks- og tryggleikspolitikk fortsette. I motsetnad til konkurrenten i andre valomgang, Marine Le Pen frå partiet Front National, har Macron gitt klårt uttrykk for at han ynskjer eit tett samarbeid med USA og NATO, og at han mellom anna vil auke Frankrike sine utgifter til forsvaret som del av BNP til to prosent, slik amerikanarane sin president Donald Trump har kravd hjå europearane.

Macron har òg sagt at han støttar ein invasjon i Syria, om det syner seg at det syriske regimet har nytta kjemiske våpen mot eiga befolkning, og han støttar Trump-administrasjonen si frykt for at Iran skal får for stor påverknad i Midt-Austen, og fryktar som Trump den auka terrorfaren frå islamistiske organisasjonar i Afrika. Men kanskje viktigast av alt for amerikanarane, er at Macron er viljug til å leggje press på Vladimir Putin for å hindra ein russisk ekspansjonspolitikk i amerikanske interesseområder. Korleis samstemmer dette med den felles utanriks- og tryggleikspolitikken i EU?

I 25 år har EU arbeidd for å få til ein meir sameint utanriks- og tryggleikspolitikk, og har langt på veg lukkast med dette etter at ideen kom på den politiske dagsorden med Maastricht-traktaten i 1992. Men framleis er det opp til dei enkelte medlemsstatane å bestemme kva dei vil vere med på av felles politikk eller ikkje på dette området. Difor var sundagens val i Frankrike så viktig for EU. Hadde nasjonalisten Marine Le Pen vunne, ville ho tatt Frankrike ut av EU og den integrerte kommandostrukturen i NATO. Det ville ha endra fransk og europeisk tryggleikspolitikk radikalt.

Utfordringane for EU er likevel ikkje borte. Når britane trekkjer seg frå EU-samarbeidet fordi dei trur dei kjem attende til ein fordoms storheit på eigehand, vil det påverka den tryggleikspolitiske balansen i både EU og NATO. Med berre to stormakter attende, Frankrike og Tyskland, vil det kunne bli utfordrande å einast om kva arbeidsdelinga mellom EU og NATO skal vere andsynes bruken av mjuke eller harde maktmidlar i tryggingspolitikken.

Tyskarane ser sterke bindingar mellom dei europeiske statane som garantien for deira eige demokrati, og har tradisjonelt lege lågt i utanriks- og tryggingspolitikken når det gjelder bruken av harde maktmidlar gjennom NATO-samarbeidet. Medan den nyvalde presidenten i Frankrike, Emmanuel Macron, ser ut til å vere meir viljug til å nytte harde maktmidlar i tryggleikspolitikken etter ynskje frå USA. Vil dette påverke europeisk tryggleikspolitikk, som til no har vore retta mykje mot å støtte NATO-landas bruk av hard makt med mjuk makt for å fremme politisk stabilitet og menneskerettar rundt om i verda?

Innlegget var publisert i Nationen 9. mai 2017.

Publisert: 22. august 2023
Emmanuel Macron Europa Frankrike Utenrikspolitikk
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Euro
Per Christiansen

EUs valutakursordning ERM2

BREV nr. 112

EUs felles valuta bygger på EU-statenes erfaringer og ønsket om en felles fremtid. For å bruke euro som den nasjonale valuta må nye medlemmer oppfylle visse økonomiske krav, blant annet til valutakursstabilitet. EUs valutakursordning (ERM2) er her et virkemiddel, så lenge ikke alle EU-stater bruker euro. 
PengepolitikkEU og EØS
Keir Starmer
Kjetil Wiedswang

Han var britenes svar på Ap-statsminister Thorbjørn Jagland. Det gikk like dårlig.

Keir Starmer fikk det ikke til som britisk statsminister. Utsiktene for etterfølgeren er ikke veldig mye lysere.
Internasjonalt
Donald J. Trump and Air Force One
Bård Larsen

Statskupp i USA?

Vi kan dessverre ikke se bort fra muligheten for et Trump-orkestrert kupp av den amerikanske staten.
DemokratiUSA
Jan Erik GrindheimMathilde Fasting

Er norsk jordbrukspolitikk helt spesiell?

Er tollvern det eneste som kan redde og fremme norsk jordbruk? Det virker slik ifølge Sigrun Pettersborg og Hildegunn Gjengedal i Norges Bondelag.
EU og EØSNæringspolitikk
Brexit EU Storbritannia
Kjetil Wiedswang

Den tunge veien tilbake

Ti år etter at Storbritannia stemte for å forlate EU, mener velgerne at det var en dårlig idé. Labour-regjeringens beste håp om å vinne neste valg er å love omkamp. Men det ligger et hopetall av snublesteiner i veien.
InternasjonaltEU og EØS
EU vegg mur
Kjetil Wiedswang

Hva britene fikk – og hva de tapte

Ti år etter at britene stemte for å forlate EU, krangler de stadig om effekten brexit har hatt på samfunn og økonomi. Velgernes dom er til gjengjeld klar: Et klart flertall mener brexit var en fiasko. Over halvparten mener landet bør søke medlemskap på ny.
InternasjonaltEU og EØS

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo