Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Menneskerettigheter

Kva no Europa?

Menneskje på flukt frå krig og konflikt, fattigdom og fundamentalisme. No bankar dei på døra til Europa. Korleis tek vi imot dei? Jan Erik Grindheim i Nationen.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 15. september 2015

Av Jan Erik Grindheim, statsviter i Civita

Ein liten gut ligg med hovudet i vatnet på ei strand i Middelhavet. Drukna i draumen om eit betre liv. Vi ser ikkje andletet på den vesle guten. Vi kjenner berre smerta over eit tapt liv.

Ein lagnad han deler med tusenvis av menneskje i verda. Menneskje på flukt frå krig og konflikt, fattigdom og fundamentalisme. No bankar dei på døra til Europa. Korleis tek vi imot dei? Etter leiaren for Europakommisjonen Jean-Claude Juncker å døme, ikkje nett med opne armar.

Sist veke heldt Juncker den årlege talen over Den europeiske unions tilstand. Bodskapen var som henta frå eit vekkingsmøte: Tida er inne for ærlegdom, einskap og solidaritet! Europa står andsynes store utfordringar. Skal vi løysa dei må det meir Europa til i Unionen og meir union i Unionen. Det er tid for å tenkje med hjartet og tenkje politikk, slo Juncker fast.

Nærare 500.000 menneskje har kome til Europa i år. Dei fleste på flukt frå borgarkrigen i Syria, terroren hjå Den islamske staten i Libya og diktaturet i Eritrea. Meir enn 213.000 til Ungarn, 145.000 til Hellas og 115.000 til Italia. Få eller nokon av dei ynskjer å slå seg til i desse landa. Dei fleste vil til Tyskland, eller eit av landa i nord kor dei har høyrt at det er arbeid å få.

Tala er enorme, for mange òg skremmande. Men nett i ei slik stund kan vi ikkje la oss styre av frykt. – No må Europa stå saman og syne kva dette kontinentet står for av idear om menneskeverd og menneskerettar, sa Juncker. Korleis Europa tek imot desse flyktningane er eit spørsmål om historisk rettferd, gitt alle dei menneskja dei europeiske nasjonalstatane har sendt på flukt gjennom historia.

Ein ny tanke

Tyskland treng inn-vandrarar. Tenk om fleire statsleiarar i Europa kunne tenkje slik?

Det er vanskeleg ikkje å verta normativ i spørsmålet om korleis Europa skal møte flyktningane frå andre deler av verda. Juncker var krystallklar på at ansvaret for busettinga av dei må delast på dei europeiske landa. Vi kan ikkje møte dei store folkevandringane i vår tid utan eit sameint Europa, sa han.

Eit av problema med ein slik politikk, er grunnprinsippet i EU om fri rørsle over landegrensa av personar, varer, teneste og kapital. Styrt busetting kan vere traktatstridig. Eg vil likevel meine at vi korkje skal endra dei fire fridomane, eller Schengen- og Dublin-avtalane, sidan desse avtalane sikrar oss alle fri rørsle mellom medlemsstatane og eit viktig prinsipp om at asylsøknadar berre skal kunne handsamast i eit land.

Forbundskanslar Angela Merkel har sagt at Tyskland kan ta imot 500.000 flyktningar i nær framtid. Tysk økonomi går godt, medan folketalet går ned. Tyskland treng innvandrarar. Tenk om fleire statsleiarar i Europa kunne tenkje slik?

I 2012 ga Marius Doksheim og Kristin Clemet i tenkjetanken Civita ut ei bok kor dei tok til orde for at meir migrasjon kan gi velstand og velferd, innovasjon og eit betre fungerande arbeidsliv. Migrasjon er positivt, naturleg og humant, meinte dei to. Eg tykkjer vi skulder guten på stranda å opne auga våre, og endre vårt syn på verda.

Innlegget var publisert i Nationen tirsdag 15. september 2015.

Publisert: 29. november 2023
EU Europa Flyktninger Menneskerettigheter Menneskeverd Migrasjon
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Brexit EU Storbritannia
Kjetil Wiedswang

Den tunge veien tilbake

Ti år etter at Storbritannia stemte for å forlate EU, mener velgerne at det var en dårlig idé. Labour-regjeringens beste håp om å vinne neste valg er å love omkamp. Men det ligger et hopetall av snublesteiner i veien.
InternasjonaltEU og EØS
EU vegg mur
Kjetil Wiedswang

Hva britene fikk – og hva de tapte

Ti år etter at britene stemte for å forlate EU, krangler de stadig om effekten brexit har hatt på samfunn og økonomi. Velgernes dom er til gjengjeld klar: Et klart flertall mener brexit var en fiasko. Over halvparten mener landet bør søke medlemskap på ny.
InternasjonaltEU og EØS
EU, Europa. Europeisk union, kart, stjerner,
Per Christiansen

Kort oversikt over EUs traktatrett 

BREV nr. 110

EU-samarbeidet er utviklet siden 1951 gjennom flere traktater og traktatendringer – frem til siste formelle endring, ved Kroatias tiltredelse 2013. Teksten gir en summarisk oversikt over utviklingen. 
RettsstatEU og EØS
Familie
Lars Kolbeinstveit

Likestillingspolitikken trenger mindre visjoner

De viktigste likestillingsspørsmålene krever ikke nødvendigvis dyre, politiske løsninger.
Likestilling og feminisme
EU-debatt i skumring
Kjetil Wiedswang

EU-debatt i skumring

De mest ihuga tilhengerne og motstanderne av EU vil gjerne ha debatt om norsk medlemskap nå, men foreløpig foregår den i det politiske skumringslandet. Hva kan sparke i gang en ny norsk EU-kamp?
EU og EØS
EU
Per Christiansen

EUs verdigrunnlag er rettslig prøvbart

BREV nr. 109

EUs verdigrunnlag følger av artikkel 2 i Traktaten om Den europeiske union. Regelen ses av flere som en politisk erklæring, uegnet for rettshåndhevelse. EU-domstolen deler ikke dette syn. At en dom om dette feller Ungarn for krenkelser av EU-retten under Fidesz’ regimet, er mer naturlig enn tilfeldig.
EU og EØS

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo