Om ikkje no, når?
Ei farlegare og meir uføreseigbar verd burde få politikarar som vil noko med politikken til å søke gode løysingar kor dei finst.
Publisert: 20. februar 2025
«Eg er veldig oppteken av at vårt forhold til Europa skal vere trygt», seier statsminister Jonas Gahr Støre til Klassekampen 13. februar. Og difor ynskjer han ikkje ein ny EU-kamp i Noreg.
Kva slag logikk er det? Sjølvsagt burde ei farlegare og meir uføreseieleg verd få ansvarlege politikarar til å handle til beste for det landet dei er sett til å styre.
Men frykta for ein polarisert politisk debatt, slik Støre ser det, gjer at han og andre politikarar løp frå dette ansvaret. Statsministerkandidaten på borgarleg side òg.
Erna Solberg er samd med Støre i at «det ikkje er noko poeng i å blåse liv i ein fullskala EU-debatt, når vi veit at folket ikkje er klare for den».
Kva slag logikk er det? Kven skal gjere folket klar for ein politisk debatt om ikkje politikarane? Kven vil røyste på eit politisk parti som ikkje har noko meining i ei sak so viktig for vår framtid?
Ei farlegare og meir uføreseigbar verd burde få politikarar som vil noko med politikken til å søke gode løysingar kor dei finst. Men ikkje her til lands. Her stikk dei berre hovudet djupare og djupare i sanda for å unngå å sjå kva som hender rundt oss.
Noreg er ein del av Europa, og Europa er i dag samla i ein politisk union: EU. Denne unionen er me medlem av økonomisk og administrativt, men ikkje politisk. Korleis kan våre politikarar forsvare slikt?
Teksten er publisert i Klassekampen 18.2.2025.





