Kvar er alle gutane?
Dei unge stemmer blått. Trenden har blitt sterkare og sterkare dei siste åra, og ved lokalval i fjor stemte 45 prosent av veljarane under 25 år på Framstegspartiet og Høgre.
Publisert: 3. mars 2024
Blant unge menn står dei to partia enda sterkare, dei kaprar 58 prosent av gutane. Venstresida er nesten utradert blant unge menn.
Vi kan spørje oss kva dette kjem av. Er det venstresida som skyv dei unge, og særleg gutane, vekk frå seg? Eller formidlar høgresida ein betre bodskap? Kjem høgresida med ein bodskap som i større grad går i hop med kva dei unge er bekymra for, og samfunnets framtidsutsikter? Eg heller mot det siste svaret.
I eit intervju 23. februar i Dag og Tid treffer Jørgen Lorentzen spikaren på hovudet når han snakkar om kvifor unge gutar rømmer frå venstresida. Lorentzens diagnose er at unge menn primært er opptatt av fridom, og «venstrepolitikk handlar om identitetspolitikk, og at ytringsklimaet på venstresida er for snevert».
Unge menn har ytringsfridom som ei av sine kjernesaker. UNG-rapporten til Opinion viser at dette er deira viktigaste sak. Same rapport har òg vist at klimaengasjementet til dei unge har blitt svakare de siste åra, trass i førestillinga om at dagens unge i dag er mest opptatt av klima. Spørjeundersøkinga frå fjorårets skuleval bekreftar dette, den viser at det er mindre enn ein tredjedel som vel klima og miljøpolitikk som ei «svært viktig» sak. Til gjengjeld viser undersøkinga at etter skulepolitikk var det økonomi som var den viktigaste saka for elevane. Nesten halvparten av elevane i undersøkinga seier dei reknar økonomisk politikk som «svært viktig».
Vender vi blikket utover, kan vi sjå at ungdom i Europa har same bekymringar.
I Sverige fekk Moderaterna og Sverigedemokraterna til saman 48 prosent oppslutning blant dei yngste veljarane. I Danmark har Liberal Alliance vore størst blant dei unge veljarane i fleire år. Ved årets danske skuleval fekk partiet over 30 prosent av stemmene, omtrent dobbelt så mykje som sosialdemokratane.
Liberal Alliance har hatt stor appell gjennom leiaren Alex Vanopslagh og bodskapen om auka ansvar til individet, framtidstru og eit oppgjer med stakkarsleggjering av ulike samfunnsgrupper, som dei unge. Ser vi mot Sverige er det ingen tvil om at ein forfeila innvandringspolitikk, kombinert med overdriven politisk korrektheit, har gitt Sverigedemokraterna vind i segla.
Men det er ikkje berre liberale og konservative parti som er populære blant unge. Nasjonalistiske og høgrepopulistiske parti gjer det òg godt i denne gruppa. I Nederland g jorde Geert Wilders og hans PVV det godt blant unge, og i Tyskland og Austerrike ser partia på ytre høyre, AfD og FPÖ, ut til å gjere gode val blant dei unge.
Skal vi tru mange av dei som stemte på Wilders i Nederland, dreier mykje seg om det nederlendarane kallar bestaanszekerheid. På norsk kan vi forklare ordet med tryggleik, både økonomisk og sosialt.
Økonomisk tryggleik er svært viktig for alle individ, og fråvær av politikk som sikrar økonomisk tryggleik, kan slite på tilliten i samfunnet. Dei grunnleggjande bestanddelane må vere intakte. Det må dei moderate partia ta opp i seg, elles vil dei unge forlate dei.
Ser vi på ungdommens hjartesaker, er det med andre ord ikkje vanskeleg å sjå kvifor dei stemmer som dei gjer. Ungdomspartia på høgresida er rekna som dei mest pålitelege i den økonomiske politikken, og det er dei som har teke eit oppgjer med konformisme i ordskiftet. Kort fortalt treffer dei i stor grad zeitgeisten og det dei unge brenner for.
Om venstresida vil vinne tilbake gutane, er dei derfor nøydde til å stikke fingeren i jorda. For å sitere Lorentzen må dei «ta situasjonen til gutar og menn alvorleg». Men det gjeld ikkje berre gutane, men alle dei unge. Det inneber fyrst og fremst å myndiggjere framfor å stakkarsleggjere. Dei treng fornya tru på at framtida er verd å kjempe for. Dei treng å få høyre at dei kan få til det meste, om dei vil.
Innlegget er publisert i Dag og Tid 1.3.2024.