Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
fravær i skolen, frafall i skolen, tom stol i klasserom
istockphoto.com
Skolepolitikk

Kva er rettferdig med å la eit vanskelegstilt barn liggja to månader bak medelevane?

Har ein gløymt det ein lærte før sommaren, vil det vera vanskeleg å byggja vidare på kunnskapen om hausten. Då er det vår plikt å finna løysingar som bidreg til å redusera dette læringstapetet.

Oda Oline Omdal

Publisert: 18. juli 2024

Sentralstyremedlem i AUF Sandra Tenud går hardt ut mot forslaget mitt om å omorganisera skuleåret, og meiner det er «akademisering» av skulen. Men skal ikkje skulen vera ein læringsarena?

Det er ingen som er usamd i at barn skal vera barn, at dei skal få klatra i tre, vera med venner og lada batteria. Men me må også tora å utfordra eit system som er med på å forsterka sosiale forskjellar.

Peikefinger mot høgresida

Det er synd at AUF, som gjerne hevdar seg som den største forkjemparen for å jamna ut forskjellar, nektar å diskutera forslag som faktisk kan bidra til dette. I staden rettar dei ut peikefingeren og skuldar høgresida for å vera vond og påstår at me ønskjer å ta frå unge barndommen.

Alle er samde i at me skal få ned dei sosiale forskjellane i skulen, men når det me har drive med i årevis ikkje fungerer, må me også tora å henta inspirasjon frå andre stader.

I dag varierer allereie lengda på sommarferien frå sju til ni veker. Forslaget er med andre ord ikkje særleg radikalt. Viss ein etter seks veker med sommarferie, som er forslaget mitt, gruer seg til å komma tilbake på skulen, så er problemet antakeleg det som skjer på skulen og ikkje lengda på ferien.

Negativ sommarferieeffekt

Forskinga frå USA er tydeleg; sommarferiar har ein dokumentert negativ effekt på læringsutbyttet til elevane. Forskinga viser at fleire elevar opplever ei form for «sommargløymsel» der store delar av kunnskapen frå skuleåret går tapt i løpet av ferien. For gjennomsnittseleven svarer læringstapet til ein månad. For barn med lågare sosioøkonomisk status, kan det svara til heile tre månader.

Kva er rettferdig med å la eit vanskelegstilt barn liggja to månader bak medelevane sine?

Stort læringstap fører til at lærarane må bruka verdifull tid i starten av kvart skuleår til repetisjon. Kortare, men hyppigare feriar kunne bidrege til å redusera denne effekten, og ikkje minst sørgja for ei jamnare læringskurve gjennom året. Eksempelvis viser forskinga at ni veker med skule etterfølgt at to veker ferie kan gi betre resultat, og redusera læringstapet. Me har ingen kunnskap om korleis denne effekten er i Noreg.

Oppmodinga mi er derfor at Kunnskapdepartementet søkjer nytt og oppdatert kunnskapsgrunnlag som tek utgangspunkt i norske elevar, i den norske skulen. Då kan me også setja i gang ein faktabasert debatt om korleis organiseringa av skuleåret kan bidra til ein betre skule for elevane og familiane.

Tilpassa undervisningsopplegg

Tenud skriv at AUF ønskjer å gi lærarane meir fleksibilitet til å tilpassa undervisningsopplegget til sine eigne elevar. Då er det merkeleg at dei også yter sterkast motstand når nokon foreslår nivådelt undervisning. Nivådelt undervisning inneber jo nettopp at lærarane tilpassar opplegget til nivået til den enkelte eleven, slik at nokon kan få større utfordringar og andre kan få meir hjelp.

Eg trur norske elevar klarer seg mykje betre enn det AUF skal ha det til. Samanlikna med andre land har den norske skulen verken mykje testing, pugging eller resultatfokus.

Det som derimot stressar elevane, er kjensla av å ikkje henga med. Har ein gløymt det ein lærte før sommaren, vil det vera vanskeleg å byggja vidare på kunnskapen om hausten. Då er det vår plikt å finna løysingar som bidreg til å redusera dette læringstapetet.

Høve til å lykkast

Dette handlar ikkje om å «akademisera» barndommen, men om å gi alle elevar høve til å lykkast. For mange elevar, spesielt dei frå låginntektsfamiliar, er skulen den primære arenaen for både læring og utvikling.

Innlegget er publisert i Framtida.no 16.7.2024.

Publisert: 18. juli 2024
Skoleferie
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Goal
Jan Erik Grindheim

Skotet som gjekk i mål

SkolepolitikkUtdanning og forskning
prøve test skole
Mats A. Skogheim Kirkebirkeland

En skandale uten konsekvenser?

Mens NAV-sjefens avgang skapte politisk storm, fikk en alvorlig feil i Udirs statistikkforvaltning langt mindre oppmerksomhet. Feilberegninger i nasjonale prøver kan ha påvirket elever, forskning og utdanningspolitikk i flere år – uten at noen har tatt ansvar.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
skole, disiplin, mer autoritet, lærere, ledelse, klasserom, tydelige krav, grunnleggende ferdigheter
Kristin Clemet

Skurdal og skolen

Skurdal tar feil når hun påstår at elevenes ferdigheter de siste 20 år omtrent bare har gått nedover.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
Kristin Clemet

Aftenposten og skolen

Etter min mening er skolepolitikken for tiden for lite kunnskapsbasert.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
Skoleelev som rekker opp hånden
Kristin Clemet

Prinsippløst av Jonas Gahr Støre

I et leserinnlegg i Østlendingen , som senere er omtalt i Dagen , går Jonas Gahr Støre til frontalangrep på friskolene eller det han foretrekker å kalle «privatskoler».
SkolepolitikkPrivate i velferdenUtdanning og forskning
Lærer som vasker tavle med svamp
Skjalg Stokke Hougen

Folk flest vil styrke lærerrollen og ha flere prøver

Nordmenn vil ha en skole med disiplin, fokus på grunnleggende ferdigheter og tydelige lærere.
SkolepolitikkUtdanning og forskning

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo