Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Høyere utdanning og forskning

På tide å gjenreise læreboka?

Jan Erik Grindheim i Dag og Tid.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 27. september 2020

«Skjerm elevar mot skjermane», skriv redaktør Svein Gjerdåker på leiarplass i Dag og Tid 18. september, i ein kommentar til ein mykje omtala forskingsartikkel frå professor i nevropsykologi ved NTNU Audrey van der Meer, der ho tek til orde for at elevar lærer betre om dei skriv for hand enn på tastatur. Basert på eiga røynsle støttar eg oppmodinga frå Gjerdåker, men hans varsko mot ei blind tru på digitale læremiddel i skulen føyer seg òg inn i ein større aktuell debatt om fagfornyinga i norsk skule og dei nye lærarplanane som eg gjerne vil ta del i.

Sist veke kunne me til dømes i Aftenposten (16. september) lese ein kronikk frå to lektorar frå Høgskulen på Vestlandet, Lene Hayden Taraldsen og Linda Moen Rebni, som ser for seg «ein verden der lærarar kan ‘shoppe’ fagstoff, idear og tankar slik at det vert lagt til rette for kritisk tenking, problemløysing og tverrfaglegheit» i skulen. Det trur eg er ein like dårleg idé som å erstatte handskriving med tastatur og skjermtapping for borna i skulen.

Som lærebokforfattar på universitetsnivå, og med røynsle frå universitets- og høgskuleverda med eit ope sinn rundt nye digitale læringsplattformer, trur eg dei to lektorane tek feil når dei skriv at «djupnelæring er det som skal prege norsk skule i framtida, og det er det vanskeleg å få plass til mellom to permar».

Eg «shoppar» fagstoff, idear og tankar kvar dag i mitt arbeid på Universitetet i Søraust-Noreg og i tankesmia Civita, og nyttar sjølvsagt PC-en min til det. Men eg veit kva eg skal «shoppe», og kvifor. Det har eg lært ved å lese bøker frå perm til perm.

Mykje fagstoff sjølvsagt, men i fjor tok eg meg tid til verkeleg å leva meg inn i både Napolikvartetten hjå Elena Ferrante og Edvard Hoems slektstrilogi om utvandringa til Amerika, og tenkte komande lærebøker bør skrivast på gamlemåten, frå perm til perm slik at studentane kan gå skikkeleg i djupna og lære seg å tenkje kritisk og kreativt. Då kan dei verkeleg få nytte av alle dei godbitane av problematiserande støttemateriell som blir lagde attmed den trauste papirboka, men samstundes kanskje kludra litt og skrive kommentarar for hand i boka dei kan lese om att før dei skal opp til eksamen.

Innlegget er på trykk i Dag og Tid 25.9.2020.,

Publisert: 24. juni 2022
Digitalisering Høyere utdanning
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Goal
Jan Erik Grindheim

Skotet som gjekk i mål

SkolepolitikkUtdanning og forskning
ol sport
Eirik Løkke

Det er ikke viktig for Norge å vinne mange OL-gull

Hadde Norge prestert like dårlig i OL som på internasjonale tester i skolen, ville det blitt ramaskrik og krav om endring. Hvorfor bryr ikke flere seg om elevenes prestasjoner?
Utdanning og forskning
prøve test skole
Mats A. Skogheim Kirkebirkeland

En skandale uten konsekvenser?

Mens NAV-sjefens avgang skapte politisk storm, fikk en alvorlig feil i Udirs statistikkforvaltning langt mindre oppmerksomhet. Feilberegninger i nasjonale prøver kan ha påvirket elever, forskning og utdanningspolitikk i flere år – uten at noen har tatt ansvar.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
skole, disiplin, mer autoritet, lærere, ledelse, klasserom, tydelige krav, grunnleggende ferdigheter
Kristin Clemet

Skurdal og skolen

Skurdal tar feil når hun påstår at elevenes ferdigheter de siste 20 år omtrent bare har gått nedover.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
Kristin Clemet

Aftenposten og skolen

Etter min mening er skolepolitikken for tiden for lite kunnskapsbasert.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
Kristin Clemet

Er forskningen fri? Om meningsmangfold i akademia.

Kristin Clemets bidrag til foredragsserien «Er forskningen fri?», som undersøker økende press på akademisk ytringsfrihet i dag. Holdt på Litteraturhuset 11.10.25.
Høyere utdanning og forskningUtdanning og forskning

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo