Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Høyere utdanning og forskning

Å vera seg sjølv nok?

Rektor Peer Jacob Svenkerud, eg har ikkje noko imot at Høgskulen i Innlandet vert universitet, slik du las mitt innlegg i Dag og Tid for to veker sidan.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 17. desember 2023

Mellom linene skreiv eg det motsette: gjerne fleire universitet. Men ikkje med utgangspunkt i dei premissane som i dag ligg til grunn for at ein høgskule skal kunne bli universitet.

Eg er sjølvsagt samd i at universitetsstatus vil gje større sjanse til å trekkje til seg folk med høg kompetanse, og til å styrkje internasjonale nettverk som kan vere eit gode for eit lokalmiljø eller ein region som Innlandet. Men samstundes ser eg ein universitets- og høgskulesektor som fjernar seg meir og meir frå det samfunnet han er ein del av, og verkar som han er seg sjølv nok.

«Høgskulane skal driva med forsking», skreiv redaktør Svein Gjerdåker på leiarplass for tre veker sidan, men la vettug til at «vel så viktig er at dei skaper gode undervisningsmiljø med mange nok sjølvtrygge førelesarar med fagleg ballast og praktisk innsikt».

Problemet er berre at det å skape «gode undervisningsmiljø» og å ha «praktisk innsikt» ikkje tel om du søkjer ei fast stilling ved eit universitet eller opprykk frå fyrsteamanuensis til professor, eller når ein høgskule søkjer om å verta universitet.

Ved sida å vere professor i statsvitskap har eg ei lita bistilling i den liberale tankesmia Civita, der eg er del av eit tverrfagleg miljø med eit par andre professorar og mykje flinke folk. Me er ikkje åleine. I dag finst det ei rekkje tankesmier langs det politiske spekteret, og i august i år vart det jamvel etablert ei smie som kallar seg Senter for langsiktig politikk.

Frå desse miljøa kjem ei rekkje notat og rapportar, og dei som arbeider der, tek aktivt del i samfunnsdebatten med aviskronikkar og innlegg i tradisjonelle og sosiale medium. Dessutan arrangerer dei ei rekkje frukostmøte og andre former for samlingar, og sørgjer for at me har ein open og fri samfunnsdebatt her til lands.

Kvifor driv ikkje universiteta med slikt? Og kvifor er ikkje dette eit av kriteria for at ein høgskule eventuelt skal kunne verta universitet?
«Vår store oppgåve som utdannings- og forskingsinstitusjon er å skaffe ny kunnskap og å forvalte denne på ein måte som samfunnet rundt oss (inkludert studentane) drar nytte av – lokalt, nasjonalt og globalt», skriv Peer Jacob Svenkerud og meiner at det vert lettare som universitet enn som høgskule, ikkje minst lokalt.

Eg trur ikkje det. For korkje slike arbeid som tankesmiene publiserer, eller dei rapportane som kjem frå dei mange framifrå forskingsinstitutta me har i Noreg, eller liknande arbeider, tel noko når du søkjer ei stilling på eit universitet, uansett kor vitskapleg etterretteleg, empirisk interessante og velskrivne dei måtte vere.

Det gjer berre publikasjonar i såkalla vitskaplege tidsskrift eller på såkalla akademiske forlag. Men kor mykje «ny kunnskap» som kan forvaltast på ein måte som «samfunnet rundt oss» kan dra nytte av frå desse kjeldene, veit eg sanneleg ikkje.

Det er difor eg er skeptisk til ei utvikling mot fleire universitet med utgangspunkt i dei premissane som gjeld i dag. Dei støttar berre opp under ein kultur der universiteta og dei som arbeider der, vert oppmoda til å vere seg sjølv nok.

Teksten er publisert i Dag og tid 15.12.2023.

Publisert: 17. desember 2023
Høyere utdanning
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Goal
Jan Erik Grindheim

Skotet som gjekk i mål

SkolepolitikkUtdanning og forskning
ol sport
Eirik Løkke

Det er ikke viktig for Norge å vinne mange OL-gull

Hadde Norge prestert like dårlig i OL som på internasjonale tester i skolen, ville det blitt ramaskrik og krav om endring. Hvorfor bryr ikke flere seg om elevenes prestasjoner?
Utdanning og forskning
prøve test skole
Mats A. Skogheim Kirkebirkeland

En skandale uten konsekvenser?

Mens NAV-sjefens avgang skapte politisk storm, fikk en alvorlig feil i Udirs statistikkforvaltning langt mindre oppmerksomhet. Feilberegninger i nasjonale prøver kan ha påvirket elever, forskning og utdanningspolitikk i flere år – uten at noen har tatt ansvar.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
skole, disiplin, mer autoritet, lærere, ledelse, klasserom, tydelige krav, grunnleggende ferdigheter
Kristin Clemet

Skurdal og skolen

Skurdal tar feil når hun påstår at elevenes ferdigheter de siste 20 år omtrent bare har gått nedover.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
Kristin Clemet

Aftenposten og skolen

Etter min mening er skolepolitikken for tiden for lite kunnskapsbasert.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
Kristin Clemet

Er forskningen fri? Om meningsmangfold i akademia.

Kristin Clemets bidrag til foredragsserien «Er forskningen fri?», som undersøker økende press på akademisk ytringsfrihet i dag. Holdt på Litteraturhuset 11.10.25.
Høyere utdanning og forskningUtdanning og forskning

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo