Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Lav ulikhet i Norge, hender som måler penger, mynter, likt, likhet, ulikhet, inntektsulikhet
iStockphoto.com
Økonomi og velferd

Upresist og ufullstendig

I Dag og Tid 9. januar syndar Rolf Aaberge, som er forskar ved Universitetet i Oslo og Statistisk sentralbyrå, mot fleire spelereglar for god debatt.

Kristin Clemet

Publisert: 25. januar 2026

Han gjev att meiningane mine upresist, han påstår at han veit kva eg «alltid» gjer når eg diskuterer ulikskap, og han sår tvil om motiva mine. I tillegg let han vere å greie ut sine eigne standpunkt på ein fullstendig måte.

Aaberge skriv at «den økonomiske ulikskapen har auka jamt og trutt dei siste 30–40 åra». Eg står fast ved det eg svara Dag og Tid 19. desember: Inntektsforskjellane i Noreg har vist ein svak auke sidan 1980-talet, men skilnadene er små og ganske stabile.

Formuesulikskapen er større, men tala frå SSB viser at delen dei aller rikaste har, går litt opp og ned, og sidan 2020 har han lege ganske stabilt. Poenget er likevel ikkje at vi har få rike, men at det er svært jamt mellom resten, det vil seie om lag 99 prosent av oss.

Aaberge meiner at eg har «som mål å så tvil om forskingsresultat som ikkje passar inn i omtalen av Noreg som eit egalitært land». Det er freidig, men i det minste klår tale.

For eg er sjølvsagt klar over at Aaberge med fleire meiner at tilbakehalde overskot er å rekne som inntekt, og at dei meiner dette er eit prov på at det har vore «ein dramatisk auke i konsentrasjonen av inntekt og eigarskap i Noreg».

Men Aaberge er på si side sikkert også klar over at dette er svært omstridde synspunkt – av minst tre grunnar.

Den eine grunnen er at «tilbakehalde overskot», det vil seie overskot som blir verande i verksemda, ikkje er inntekt som eigarane kan disponere utan vidare. Dersom ein skulle skattleggje tilbakehalde overskot som inntekt, ville det vere som om verdistiging på bustader vi ikkje har selt, skulle reknast som inntekt som skal skattleggjast.
Ein kunne kanskje laga eit betre mål på ulikskap dersom ein tok med både tilbakehalde overskot, bustadeigarskap, pensjonsrettar med meir. Men samla sett kunne det truleg ha gjeve ei jamnare fordeling, slik Daniel Waldenström skriv i Foreign Affairs.

Aaberge gløymer elles å fortelje at dersom noko av overskotet blir teke ut av verksemda i form av utbyte, blir det ei inntekt som skal skattleggjast, og skatten er då 37,84 prosent.

For å oppsummere: Ei verksemd som går med overskot, betaler selskapsskatt. Eigarar som tek ut noko av overskotet til privat bruk, betaler (i tillegg) utbyteskatt.

Den andre grunnen er at det er eit breitt politisk fleirtal som ønskjer at det skal vere slik. Den såkalla fritaksmetoden, som vart innført i samband med ei større skattereform i 2006, inneber at det ikkje er utbyteskatt når selskap mottek utbyte, berre når privatpersonar gjer det. Føremålet med ordninga er å sikre at kapital kan flyte fritt mellom selskap og ikkje bli låst inne i einskilde verksemder, og at det ikkje skjer kjedeskattlegging.

Å fjerne ordninga vil kunne ha stor negativ effekt på eigarskapen og kapitaltilgangen til norske verksemder. Systemet ville ha blitt slik det var før, med innlåsingseffektar. I tillegg ville det norske systemet avvike frå det vanlege europeiske systemet for skattlegging av næringsliv.
For eit par år sidan vurderte eit breitt samansett ekspertutval (Torvik-utvalet) ordninga, og rådet var at ordninga må haldast ved lag.

Og den tredje grunnen: Ingen av dei som er misnøgde med fritaksmetoden, har kome med noko framlegg til korleis skattesystemet alternativt skal utformast for at dei samla konsekvensane for verdiskaping, effektivitet og fordeling skal bli betre.

Dette tyder ikkje at det ikkje er mogleg å sjå problematiske sider ved metoden. Det tyder berre at politikarar har eit anna mandat enn Aaberge: Dei kan ikkje sjå stykkevis og delt. Dei må prøve å sjå heilskapen.

Aaberge kan sjå på eitt og eitt problem om gongen og berre vere oppteken av éin ting, til dømes fordeling. Politikarar må ta omsyn til alle konsekvensane det kan få dersom vi skrotar fritaksmetoden. Det gjorde også Torvik-utvalet, og utvalet kom altså til same konklusjon som det politiske fleirtalet har gjort.

Aaberge meiner at det ikkje er relevant å peike på at den norske befolkninga har verdas største fellesformue. Han seier at ho er disponert av Stortinget, ikkje innbyggjarane – men igjen er perspektivet feil: Vi lever i eit demokrati, og då er det folket som bestemmer.

Til sjuande og sist er det altså folket som bestemmer, både om det er klokt å ha ein «fritaksmetode» i skattesystemet, og korleis oljeformuen skal disponerast.

Til slutt: Slik eg forstår Aaberge, meiner han at Noreg ikkje lenger er eit egalitært land. Det kunne vere interessant å få vite om han kjenner til andre demokratiske land som er meir egalitære og like velfungerande som Noreg er. Kva er det i så fall dei gjer, som ikkje vi gjer?

Teksten er publisert i Dag og Tid 23.1.2026.

Publisert: 25. januar 2026
Økonomiske forskjeller Ulikhet
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Jan Erik GrindheimMathilde Fasting

Er norsk jordbrukspolitikk helt spesiell?

Er tollvern det eneste som kan redde og fremme norsk jordbruk? Det virker slik ifølge Sigrun Pettersborg og Hildegunn Gjengedal i Norges Bondelag.
EU og EØSNæringspolitikk
Vy tog og Posten lastebil
Aslak Versto Storsletten

Nord-Norgebanen er fortsatt galskap

Nord-Norgebanen er symbolpolitikk.
Finanspolitikk og offentlige utgifter
Lars Peder Nordbakken

Fra betryggende kraftoverskudd til risikabel kapasitetskrise

Ubalansen mellom markedsstyrt etterspørsel og politikerstyrt tilbud truer med å skape permanente kraftunderskudd.
Økonomi og velferdNæringspolitikk
Aslak Versto Storsletten

25 år siden Equinor gikk på børs

Bedre å eie mye av noe stort enn alt av noe mindre.
NæringslivNæringspolitikk
jenga spill, avkastning, skatt, norsk næringsliv, klosser, byggeklosser, hånd
Mathilde Fasting

Skatt handler ikke bare om omfordeling

Grepene Axel Fjeldavli foreslår, vil med stor sannsynlighet føre til at flere velger å flytte ut, at gründere ikke starter opp i Norge og at norsk privat næringsliv svekkes over tid.
Skatt og avgifter
Tog jernbane
Aslak Versto Storsletten

Skepsisen mot Nord-Norgebanen handler om øyne som kan se

Sterke faglige argumenter mot Nord-Norgebanen.
Finanspolitikk og offentlige utgifterØkonomi og velferd

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo