Demokratiforståing i vår tid
Fleire framifrå forfattarar har skrive om demokrati, men dei kunne ha gått meir i djupna, skriver Jan Erik Grindheim i Dag og Tid.
Publisert: 22. mai 2015
Av Jan Erik Grindheim, statsviter i Civita
«Utviklingen av modeller for politisk liv er alltid historisk betinget og følgelig foranderlige», skriv religionshistorikaren Kari Vogt om det demokratiske potensialet i den arabiske våren i boka Demokrati. Historien og ideene, redigert av statsvitarane Raino Malnes og Dag Einar Thorsen. Hennar utsegn er ikkje berre uttrykk for eit ope syn på demokratiet, men legitimerer òg ei bok på 606 sider om historia til demokratiet og ideane knytte til det. Den arabiske våren er langt frå avslutta, meiner Vogt.
DEMOKRATI PÅ SIKT
Det er heller ikkje soga om korleis vi forstår demokratiet. I eit framifrå kapittel om Alexis de Tocquevilles metodologi i arbeidet med boka Om demokratiet i Amerika, skriv filosofen Jon Elster at Tocqueville «hadde en dypt intuitiv innsikt i hvilke feller og villfarelser man må unngå for å bygge opp gode nok generaliseringer». Demokratiet kan berre oppdage sanninga gjennom erfaring, og mang en nasjon vil ifylgje Tocqueville «gå under før de har hatt en mulighet til å lære av sine feil».
Elster har gjort kunsten å forklare til si livsgjerning, anten det er sosial åtferd eller kva Karl Marx og Alexis de Tocqueville eigentleg meinte. I denne boka ser han på det stendige temaet hjå Tocqueville om at det gode ved demokratiet berre kan erfarast på lengre sikt, medan kva vi får att for det på kort sikt, er aristokratiet og monarkiet underlegent: «Tocqueville observerer først en virkning av demokrati som – isolert sett – vil tale mot innføringen av et slikt styresett. Deretter konstaterer han at demokratiet også har en tendens til å ha andre virkninger som avleder eller nøytraliserer den iboende førstnevnte risikoen. »
STORE IDEAR OG TENKJARAR
Eg hadde gjerne sett denne ambivalensen i naturen til demokratiet diskutert like grunnleggjande i fleire av kapitla, jamvel om nokre av dei er meir problematiserande enn andre. Eg har særleg bite meg merke i statsvitaren Erik Oddvar Eriksens «Et europeisk demokrati – er det mulig? » og statsvitaren Øyvind Østeruds «Demokrati, rettsstat og rettsliggjøring». Begge tek opp dei store utfordringane dei nasjonalstatlege europeiske demokratia står andsynes i møte med overstatlege rettsregime og internasjonale domstolar, medan dei fleste andre forfattarane primært fortel oss kven dei store tenkjarane var, kva dei meinte, og kvar vi finn meiningane deira.
Det er ikkje noko gale med ein demokratiets encyklopedi – danning byggjer på konkret kunnskap, og eg lærde mykje nytt då eg las denne boka. Eit døme er kapitlet til postdoktor i historie Morten Nordhagen Ottosen om dei europeiske revolusjonane i åra 1848-51.
Men med så mange framifrå forfattarnamn mellom to permar skulle eg gjerne ha visst meir om kva forfattarane sjølve meiner om historia og ideane til demokratiet i ein moderne kontekst. I siste del av boka – «Demokratiet som idé» – blir nokre av dei sidene ved dagens forståing av demokratiet vi sjeldan reflekterer over, til ei viss grad problematisert. Men det er berre etter å ha lese statsvitaren Cathrine Holsts kapittel om diskriminering at eg verkeleg grublar over den idéhistoriske evna demokratiet har til endring.
TRADISJONELL ANTOLOGI
Demokrati. Historien og ideene er ein tradisjonell antologi, delt kronologisk i «Antikken og middelalderen», «Tidlig moderne tid», «Demokratiets barndom (1814-1914)», «Demokratiets tidsalder (1918-2014)» og til slutt «Demokratiet som idé». Det gjer boka vel kvalifisert for nattbordet, men kanskje mindre interessant på pensum ved høgskular og universitet. Eg kunne ha ynskt meg ei nytenking frå redaktørane lik måten kuratoren Sture Nordgren bytte om på bileta i Nasjonalgalleriet på 2000-talet: Dei store demokratiske forfattarane og tankane deira sedde i relasjon til kvarandre. Då kunne vi kanskje ha trengt til botnen av dei demokratiske paradoksa i vår tid.
Kronikken er publisert i Dag og Tid 22. mars 2015
Se også Civitafrokost om temaet «Is democracy in decline» her!