Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Vladimir Putin Russland
Internasjonalt

Russland er ei skam for verda

Få, om nokon, er betre enn professor Øyvind Østerud til å skape klårleik når noko er vanskelege å forstå i internasjonal politikk. Få, om nokon, er meir varsame med å konkludere kva me skal meine når me freistar å forstå. Men i Dag og Tid 10. juni gjer Østerud eit unnatak, når han tek til orde for at krigen i Ukraina neppe vil ta slutt utan ei forhandlingsløysing.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 19. juni 2022

Ei forhandlingsløysing er berre eit av fem scenario han ser føre seg. Dei andre er at Russland anten taper krigen, eller vinn utan ei forhandlingsløysing, at det vart ein langvarig krig, kor Russland med ryggen mot veggen kan ta i bruk taktiske atomvåpen, eller at det bryt ut full krig mellom Nato og Russland.

Dei to fyrste av desse finn Østerud lite sannsynlege, dei to siste dei verst tenkelege. Difor vel han å gå for eit femte scenario: Ukraina må gje noko for at Vladimir Putin ikkje skal trykkjast opp i eit hjørne.

Frå det me statsvitarar kallar ein realpolitisk ståstad, kan ei slik løysing kanskje forklårast med at «ein må vege verdien av å finne ei løysing på krigen i Ukraina opp mot faren for at Russland vil halde fram med å vere ei aggressiv makt», som Østerud seier det. Men kan me moralsk sett forsvare ei slik løysing i ei sivilisert verd?

Sjølv Jens Stoltenberg, generalsekretær i Nato, meiner i same artikkel i Dag og Tid at me ikkje har nokon rett til å legge eit slikt press på Kyiv og «belønne russisk maktmisbruk». Riktig nok legg han til grunn at dette er problematisk fordi «i neste omgang kan det true oss». Men kan me ofre eit folks fridom for at me andre ikkje skal verte råka av krig?

Ser me nærare på Putins politiske arv, er det ikkje mykje anna å få auge på enn krig og elende for både naboland og statar lenger vekk. Eit utbomba Tsjetsjenia, ein militær intervensjon i Georgia og ein grotesk okkupasjonskrig i Ukraina, som i realiteten har gått føre seg sidan 2014, er tragiske konsekvensar av at ein despot sit med makta i Russland.

Men problemet med den utgangen Østerud ser for krigen i Ukraina, er at uansett kor mykje me ynskjer fred, vil ei forhandlingsløysning stå i fare for ikkje å plassere noko skuld eller skam hjå dei medskuldige leiarane i Kreml.

Er dette noko me kan leve med om me trur meir på menneskerettar, fred og fridom, enn nasjonalstatlege interesser og såkalla realpolitikk? Og om me er aldri så realpolitiske i vårt syn på verda, kva grunn skulle me ha til å tru at Putin vil gje seg med ei forhandlingsløysing i Ukraina, når ikkje Hitler gjorde det med München-avtala om Sudetlandet i Tsjekkoslovakia i 1938?

Putins sympati- og solidaritetslogikk andsynes russarar i andre land skil seg vel ikkje mykje frå kva Hitler hevda om at tyskarar buande i andre land hadde ein rett til å styre seg sjølve, og difor hadde Nazi-Tyskland ein legitim rett til å invadere desse landa?

Putin må ikkje audmjukast, meiner Østerud, for då kan det gå riktig gale. Men så lenge det ukrainske folket er viljuge til å kjempe mot den russiske okkupasjonsmakta, har vel me òg plikt til å hjelpe dei med å få den russiske okkupasjonsmakta ut med dei midlane dei treng?

Kvifor skal me akseptere at Russland ikkje aksepterer nokre heilt grunnleggande menneskerettar, folkeretten og eit minimum av sivilisatoriske normer og verdiar? Det er ikkje verda som er problemet i denne konflikten, det er Russland. Nett no er landet ei skam for den menneskelege sivilisasjonen.

Teksten er publisert i Dag og tid 17.6.2022.

Publisert: 17. juni 2022
Russland Ukraina
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Independence day, usa, 4th of July, statue of Liberty, american flag
Eirik Løkke

En hyllest til Amerikas Forente Stater

Uavhengighetserklæringens betydning for historien og menneskelig frihet er vanskelig å overvurdere. Det er i så måte all grunn til å feire den amerikanske revolusjonens 250-årsdag.
USA
Kart med mange nåler, bistand, prioritering, prioriteringer, norsk bistand, interesseorganisasjoner, insentiver, bistandsorganisasjoner, utviklingspolitikk, bistandspolitikk
Torben Bjørke-Henriksen

Flere må utfordre bistandslauget

Takk til Strømmestiftelsen og Caritas for gode svar i debatten etter utviklingsministerens uttalelser om at ingen bistandsorganisasjoner vil foreslå kutt. Nå bør flere organisasjoner bruke åpningen – og utfordre hverandre i bistandslauget.
SivilsamfunnetBistand og utvikling
Bistandskutt, effektiv bistand, bistand, verden, omfordeling, prioritering, effektivitet,
Torben Bjørke-Henriksen

Bistandsorganisasjonene tier når det teller

Utviklingsministeren ba norske bistandsorganisasjoner si hva de vil kutte. Svaret viste en sektor som vet hva som ikke virker, men som velger taushet fremfor å si det høyt.
SivilsamfunnetBistand og utvikling
Sivilsamfunn, borgerlig, idrett, tros- og livssynssamfunn, frivillighet, frivillige aktører, sivilsamfunnet, hender, fotball, stå sammen, inkludering
Skjalg Stokke Hougen

Tapermentalitet fra Minerva

Vi nøyer oss ikke med godt nok. La oss drømme litt.
Politikk og samfunnSivilsamfunnet
Skjalg Stokke Hougen

Vi trenger en ny maktutredning

En maktutredning vil ha to viktige funksjoner: Den vil fortelle oss om tilstanden i det norske demokratiet og være et felles demokratisk opplysningsprosjekt.
Politikk og samfunnDemokrati og rettigheter
Sylvi Listhaug Frp
Eirik Løkke

Har vi en høyreside i Norge?

Norsk høyreside elsker staten mer enn den tør innrømme.
Norsk politikkFinanspolitikk og offentlige utgifter

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo