Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Praha
Demokrati

Er demokratiet i Europa i fare?

Det som no skjer, er kanskje like mykje eit varsel om at de tradisjonelle folkepartia må tenkje nytt som at demokratiet i Europa er i fare? 

Jan Erik Grindheim

Publisert: 13. januar 2022

«Kvifor er ikkje Grindheim bekymra?» spør Tarjei Skirbekk i Dag og Tid 24. desember, etter å ha lese ei melding frå meg 17. desember av den siste boka hans om dei moderate folkepartias fall i Europa. 

Mitt svar kjem i ei ny bok som eg arbeider med for tida. Der spør eg om ikkje det strider mot demokratiets natur at nokon skulle ha rett til å definera eksakt korleis eit demokrati skal sjå ut. Samstundes gjer eg det klårt at eg har eit normativt utgangspunkt for mi eiga forståing av demokrati, tufta på representative politiske institusjonar, rettsstatlege bindingar og forpliktande internasjonalt samarbeid med ein vel fungerande marknadsøkonomi. 

Om eg ikkje har lese Skirbekk si bok heilt feil, er det vel omtrent slik han òg definerer det idéhistoriske grunnlaget for dei moderate folkepartia i Europa. Dei partia han meiner danna grunnlaget for gjenreisinga og utviklinga av den moderne velferdsstaten etter andre verdskrig gjennom eit «europeisk kompromiss». Det eg er usamd med Skirbekk i, er om det er farleg at veljarane no og då gjer opprør mot desse tradisjonelle maktpartia og røyster på andre verdiar og sakar enn det dei står for.

Dei som hadde makta då parlamentarismen vart innførd for snart 150 år sidan her til lands, var vel ikkje så begeistra for nett det? Like lite som alle på Stortinget tykte om at arbeidarar skulle få røysterett, eller for den saka si skuld kvinner? For ikkje å snakke om då Arbeiderpartiet skulle ta steget inn i regjeringskontora for fyrste gongen, då var det mange som såg demokratiet falle ein gong for alle. 

Om dei moderate folkepartia i Europa har noko å tilby dagens veljarar, vil dei vinne veljaranes gunst for sakane sine. I eit valbasert representativt demokrati hjelp det ikkje å skulde på veljarane når det går trått for partia.   

 Skirbekk liker ikkje at eg nemner at han er sosialdemokrat. Men det er han sjølv som understrekar dette heilt i starten av boka, så eg kan vel ikkje lastast for at eg tek det med i mi melding? Eller at eg peiker på at han med boka si vil gjenreise dei moderate folkepartias posisjon i europeisk politikk. 

Eg har aldri skrive at det er noko gale i det. Eg er berre ikkje einig i at dei moderate folkepartias fall i veljarstøtte i Europa er teikn på ei grunnleggjande krise for dei europeiske demokratia. Eller at den såkalla nyliberalismen og New Public Management-filosofien frå 1980- og -90-talet gjorde grunnleggande skade på den moderne velferdsstatsmodellen som vaks ut av det «europeiske kompromisset» Skirbekk skriv om.       

Dei moderate folkepartia på høgresida i politikken har svinga opp og ned i støtte i fleire tiår, medan dette er eit nyare fenomen for sosialdemokratane. Dei sleit noko etter at nye verdiar seig inn hjå veljarane på 1960- og -70-talet, men makta å reise seg att i kjølvatnet av nyliberalismen i tiåra etter. 

Eg trur dei klarte det mellom anna fordi dei ikkje kasta på båten dei endringane i dei europeiske landas forvaltningspolitiske kulturar som nyliberalismen førte til, men tvert i mot såg at dette òg var ein moglegheit for sosialdemokratiske reformer. Tenk berre på kva Tony Blair  i Storbritannia, Gerhard Schröder i Tyskland og Jens Stoltenberg i Noreg fekk til på byrjinga av 2000-talet.

Om dei sosialdemokratiske og kristendemokratiske / liberalkonservative moderate folkepartia i Europa igjen skal kome attende, lyt dei, som desse karane, sjå etter nye løysingar ut frå dei realitetaten me no står overfor med omsyn til globalisering og auka migrasjon på tvers av landegrenser. Desse utfordringane vil ikkje forsvinne med det fyrste, tvert om trur eg dei vil være med oss i overskodeleg framtid. 

Skal me saman ta tak i en debatt om korleis desse utfordringane kan løysast, er Skirbekk si soge ein god start. Slik eg òg skreiv i mi melding av boka i Dag og Tid. Men me treng òg meir djuptpløyande analyser av dei enkelte partias utvikling på tvers av dei europeiske landa. 

Korleis skal me annleis forstå at medan kristendemokratene i Tyskland truleg har falle i oppslutnad fordi dei har styrd landet stabilt gjennom fleire tiår, har kristendemokratene i Italia vorte straffa for det stikk motsette. Eller at medan sterk personfokusering truleg kan ha svekka det greske sosialdemokratiske partiet PASOK gjennom familiedynastiet Papandreou, var det Felipe González si sterke personlegdom som sikra PSOE siger etter siger i det skjøre spanske demokratiet på 1980-talet.

Demokratiets største utfordring er at det er vanskeleg å sjå korleis det utviklar seg. Difor må me læra oss å leve med moglegheita for ein demokratisk resesjon like fullt som ein ekspansjon. Dette gjeld særleg i eit liberalt demokrati, kor eg inkluderer både kristendemokratiet og sosialdemokratiet, fordi me her må balansere behovet for å kunne ta kollektive val mot å ta vare på vår individuelle fridom og kvar og ein sine interesser. 

I eit liberalt demokrati ligg det implisitt ein idé om at ingen har rett til å bestemme korleis det skal utvikle seg, sjølv om me kan ha våre meiningar om korleis dette bør skje. Difor må me, slik den amerikanske demokratiteoretikaren Robert A. Dahl har peikt på, òg kunne akseptere at utviklinga kan gå i gal retning. 

Men det kan òg alle forsøk på å erstatte demokratiet med andre styreformer, meiner Dahl, og difor skal me være varsame med å beskytte oss sjølve mot demokratiets uføreseielege utfordringar. Det som no skjer, er kanskje like mykje eit varsel om at de tradisjonelle folkepartia må tenkje nytt som at demokratiet i Europa er i fare? 

Innlegget er på trykk i Dag og tid 7.1.2022.

Publisert: 13. januar 2022
Demokrati Europa
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Regjeringen Solberg
Kristin Clemet

Regjeringen er ikke en yrkesgruppe

Det grunnleggende problemet med Næss’ noe forvirrende fremstilling, er at den hviler på en feil: Medlemmer av regjeringen har ikke en «jobb», og de er ikke en «yrkesgruppe».
DemokratiInstitusjoner og forvaltning
Independence day, usa, 4th of July, statue of Liberty, american flag
Eirik Løkke

En hyllest til Amerikas Forente Stater

Uavhengighetserklæringens betydning for historien og menneskelig frihet er vanskelig å overvurdere. Det er i så måte all grunn til å feire den amerikanske revolusjonens 250-årsdag.
USA
Kart med mange nåler, bistand, prioritering, prioriteringer, norsk bistand, interesseorganisasjoner, insentiver, bistandsorganisasjoner, utviklingspolitikk, bistandspolitikk
Torben Bjørke-Henriksen

Flere må utfordre bistandslauget

Takk til Strømmestiftelsen og Caritas for gode svar i debatten etter utviklingsministerens uttalelser om at ingen bistandsorganisasjoner vil foreslå kutt. Nå bør flere organisasjoner bruke åpningen – og utfordre hverandre i bistandslauget.
SivilsamfunnetBistand og utvikling
demonstrasjon, protest
Bård Larsen

Når demokratiforståelsen svikter

Manglende demokratisk bevissthet kan ha flere forklaringer. Noen er mer nedslående enn andre.
DemokratiDemokrati og rettigheter
Bistandskutt, effektiv bistand, bistand, verden, omfordeling, prioritering, effektivitet,
Torben Bjørke-Henriksen

Bistandsorganisasjonene tier når det teller

Utviklingsministeren ba norske bistandsorganisasjoner si hva de vil kutte. Svaret viste en sektor som vet hva som ikke virker, men som velger taushet fremfor å si det høyt.
SivilsamfunnetBistand og utvikling
Sivilsamfunn, borgerlig, idrett, tros- og livssynssamfunn, frivillighet, frivillige aktører, sivilsamfunnet, hender, fotball, stå sammen, inkludering
Skjalg Stokke Hougen

Tapermentalitet fra Minerva

Vi nøyer oss ikke med godt nok. La oss drømme litt.
Politikk og samfunnSivilsamfunnet

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo