Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
Meld deg på nyhetsbrevet

Skirbekk, Tarjei: De moderate folkepartienes fall i Europa

Skal dei sosialdemokratiske partia reise seg att, må dei kanskje tenkje nytt i ei ny tid då dei òg kan samarbeide tettare med dei tradisjonelle folkepartia på høgresida i eit framtidsretta «europeisk kompromiss» mot einskildsaksparti og nasjonalistiske parti på ytre høgre og venstre i politikken.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 19. desember 2021

Cappelen Damm, 2021.

Kan folkepartia kome attende?

Kvifor fall dei? Er det farleg? Og korleis kan dei stå opp att?
«Tiden er inne for å reetablere et europeisk kompromiss som sikrer trygghet og frihet, og sosial balanse og bærekraft. Dette er de moderate partienes historiske ansvar og eksistensberettigelse. Feiler de, feiler vi.»

Slik sluttar Tarjei Skirbekk si bok om dei moderate folkepartias fall i Europa, med ein undertittel nesten lik ingressen ovanfor. I staden for å spørje «er det farleg», skriv han «kvifor er det farleg»?

Boka er ei velskriven soge om dei store styringspartias vekst og fall frå dei fyrste åra etter andre verdskrig til i dag, men kanskje meir ei soge enn ein djuptpløyande analyse. For i eit liberalt demokrati er det vel på sin plass å spørje slik Eva Aalberg Undheim gjer i eit intervju med Skirbekk i Dag og Tid 10. desember: «Er du viss på at det er meir moderat politikk veljarane ønskjer?»

Skirbekk opnar boka si med ei hending frå tida då han var internasjonal sekretær i Arbeidarpartiet sin ungdomsorganisasjon AUF, og på veg til Vilnius, kor det hadde vore opptøyar og frie val etter Berlinmurens fall eit par år tidlegare. Han var berre 19 år og vitne til eit «Europa i endring».

Endring er den raude tråden hans, men tydinga av ordet endring har endra seg over tid, skal me tru Skirbekk. Der dei store folkepartia etter andre verdskrig endra dei europeiske samfunna gjennom eit «europeisk kompromiss», har desse partia no vorte endra av samfunna. «Det finst jo folkeparti i Europa i dag òg, problemet er berre at fleire av dei ikkje er moderate», seier Skirbekk til Dag og Tid sine lesarar.

Boka handlar mest om dei sosialdemokratiske partia, og om trusselen frå ytre høgre. Men så er det vel òg dei sosialdemokratiske partia i Europa som slit mest for tida, sjølv om dei har kome attende i regjeringskontora i fleire land i det siste, til dømes i Norden.
Her illustrerer dei et paradoks Skirbekk ikkje skriv noko særleg om: I Finland klarte sosialdemokratane seg ganske bra i siste val, men i Danmark, Noreg og Sverige har dei knapt gjort det dårlegare nokon gong. Likevel sit dei no med regjeringsmakta.

Då desse partia meisla ut eit «europeisk kompromiss» etter andre verdskrig, tufta på «Et liberalt demokrati, en rettsstat, en sosial markedsøkonomi og et universelt velferdssystem» (s. 20), var dei massemobiliserande folkeparti.

I dag finst det vel knapt nokon massar å mobilisere, så dei har i staden vorte maktkonsoliderande parti med eit ansvar for å styre dei samfunna dei har bygd. Sjølv dei sosialdemokratiske partia i Europa må kanskje venje seg til sin eigen suksess, for det finns ikkje noko så lite takknemleg som veljarar.

Om dette er farleg eller ei, veit eg ikkje heilt, men endring treng vel ikkje berre vere til det verre, slik Undheim òg spør Skirbekk om?
Så lenge målet til dei store folkepartia har vore å byggje eit moderne velferdssamfunn på kollektive institusjonar med individuelle løysingar, kan dei vel ikkje klage på at slike løysingar har vore med på å skape eit betre samfunn for folk flest?

Her tykkjer eg Skirbekk vert hengande igjen i ei sosialdemokratisk fortid, og ei tru på at ikkje veljargrunnlaget for desse partia, som for alle dei andre, har endra seg i vår tid. Dessutan er det vel òg som Undheim påpeikar, eit teikn på eit levande demokrati at det finst eit mangfald av politiske parti å velje mellom?

Eg er samd med Skirbekk i mykje, og tykkjer han gjev oss ei god og komprimert framstilling av store og omfattande samfunnsendringar dei siste tiåra. Men til tider vert det mykje negativt, ikkje minst når han kjem til kritikken av endringane dei vestlege demokratia gjekk gjennom på 1980-talet. Kvifor endar alltid analysar frå venstresida i politikken med nyliberalismen og det engelske omgrepet new public management som den store stygge ulven?

Eg trur ikkje dei sosialdemokratiske partia i Europa vil svinge seg til gamle høgder att, til det har veljargrunnlaget i politikken vorte for flytande. Me er ikkje lenger så opptatt av politiske skiljeliner og identitet når me røystar, men meir kva saker partia trekkjer fram.
Difor kan truleg dei gamle folkepartia finne ein plass som ansvarlege styringsparti i ei skiftande verd der desse partia ser globalisering og internasjonalisering som eit naudsynt grunnlag for det moderne velferdssamfunnet og ikkje ein trussel.

Skirbekk siterer to gonger tidlegare statsminister i Storbritannia, Margaret Thatcher, som ein gong sa at «det finst ikkje noko slikt som eit samfunn. Det finst individuelle menn og kvinner, og det finst familiar», og nyttar dette som eit skremmande bilete på kva høgresida i politikken eigentleg meiner.

Men var det ikkje nett det sosialdemokratiet i si tid vart tufta på: ein idé om å skape eit samfunn som ikkje fanst? Skal dei sosialdemokratiske partia reise seg att, må dei kanskje ta fram den filosofien att og tenkje nytt i ei ny tid då dei òg kan samarbeide tettare med dei tradisjonelle folkepartia på høgresida i eit framtidsretta «europeisk kompromiss» mot einskildsaksparti og nasjonalistiske parti på ytre høgre og venstre i politikken.

Teksten er på trykk i Dag og tid 17.12.2021.

mer om europeisk politikk

Lars Peder Nordbakken

Valget i Tyskland: Nå er det spennende tider

Bak de unge tyske velgeres omfavnelse av liberale FDP og De grønne ved forbundsdagsvalget kan vi skimte et lavmælt opprop for en grønn og liberal fornyelse av Tyskland.
DemokratiInternasjonalt

Kan Tyskland redde EU?

Se video fra frokostmøtet med Martin Sandbu, Anniken Huitfeldt og Michael Tetzschner.
Økonomi
24 nov
onsdag 24 november 2021 kl. 00:00

Hva skjer med de store folkepartiene i Europa?

Vi inviterer til boklansering og samtale om boken med forfatter Tarjei Skirbekk, VG-kommentator Tone Sofie Aglen og Civita-leder Kristin Clemet. Jan Erik Grindheim, som forsker på europeisk politikk, vil også delta. Aslak Bonde leder samtalen.
Ideer

Nyhetsbrev og invitasjoner

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
civita@civita.no
Civita logo