Reaksjonært om velferd frå Jens Kihl
Det er ikkje slik at skattepengar vert godt nytta så lenge vi held dei private unna, skriv Lars Kolbeinstveit i Bergens Tidende.
Publisert: 10. september 2020
Jens Kihl skriv i BT 1. september at NHOs Vegkart Neste trekk «peikar mot eit samfunn dei fleste nordmenn vil unngå. (…) eit samfunn der dei rike dreg ifrå.»
Kihl har rett i at dei fleste ikkje vil ha eit samfunn der dei rike dreg ifrå. Men at det er det NHO vil, er tvilsamt. Jan Arild Snoen i Minerva har meir rett i analysen sin. Snoen meiner NHO manglar mot, og at dei er altfor lite konkrete om korleis vi kan sikra velferda og statsfinansane på lenger sikt.
Analysen til Kihl bommar, fordi det ikkje er slik i Noreg at nokre vil bevare det norske velferdssamfunnet, medan nokre andre få, rike ønskjer seg meir ulikskap og eit samfunn der individet meir eller mindre er overlate til seg sjølv.
Det er ikkje store målkonfliktar i Noreg. Det vi diskuterer, er korleis vi kan bevare velferda og sikra eit godt næringsliv med høg sysselsetjing. Det er samstundes slik at dei som vil reformera for å bevara, lett blir stempla som kalde og kyniske.
At debatten ofte er slik, veit NHO. Det er kan hende difor dei er så lite konkrete.
For om lag tjue år sidan, då eg var aktiv i Studentersamfunnet i Bergen, møtte eg ein økonom frå LO. Før ein debatt sa han til meg at LO hadde blitt konservativt. No handlar det mest om å ta vare på det vi har oppnådd.
Eg trur NHO, og mange andre moderate til venstre og høgre, er samd med denne økonomen. Sigbjørn Johnsen sa noko liknande, då han var finansminister siste gong.
Analysen til Kihl ber preg av at han set opp falske motsetningar. Han skriv: «Det er uansett forfeila å tenkje at ein barnehagelærar «skaper vekst» om hen er i privat sektor, men er ein byrde om hen er tilsett i kommunen.»
Eg veit ikkje om det er nokon som tenkjer slik. Eg har ikkje møtt nokon. Poenget med å nytta private eller ideelle i velferda, er å få meir igjen for skattepengane, skapa innovasjon eller meir valfridom.
Kihl nyttar ikkje omgrepet «velferdsprofitør», men det gjer mange andre og meir radikale. Det er eit dårleg omgrep. Det er med på å bygga opp under ein tanke om at nokre ikkje er med på å bygga fellesskapet i Noreg. At nokre få rike berre tenkjer på seg sjølv og kortsiktig profitt.
Det er samstundes kanskje ein positiv ting med omgrepet. Det kan på sitt beste skjerpa politikarane, slik at dei ikkje kjøper dårleg kvalitet, eller betaler for dyrt for private tenester. Men det hadde vore betre for debatten om opinionen var like kritisk til anna sløsing i offentleg sektor.
Det er ikkje slik at skattepengar vert godt nytta så lenge vi held dei private unna, skjermar for konkurranse, let fagforeiningar bestemma og så bortetter. Snarare kan det vere tvert om.
Min tidlegare kollega Anne Siri Koksrud Bekkelund har skrive mykje interessant om privat, ideell og offentleg velferd. Ho har eit liberalt perspektiv, men dei som les, vil sjå at ho nettopp ikkje har «ideologiske skylappar» eller er kategorisk.
Ikkje alt eignar seg for konkurranse, men konkurranse har som føremål å skapa best mogeleg utnytting av samfunnet sine ressursar. Profitt er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit insitament for å få aktørane til å nytta samfunnet sine ressursar best mogeleg.
Eg trur dei fleste ønskjer at Noreg også framover skal vera eit velferdssamfunn, der lommeboka ikkje er avgjerande for kva velferdstenester ein får. Korleis vi sikrar oppslutning om dette i eit samfunn med aukande privat rikdom, er ikkje berre enkelt.
Eg trur vi betre kan sikra skattevilje, likskap og høg kvalitet, om vi betalar for velferdstenester i fellesskap, men at dei som leverer tenester framleis er både offentlege og private. Dersom vi berre vil ha offentlege leverandørar, er det ikkje sikkert vi nyttar ressursane godt nok.
Dårleg kvalitet kan skapa misnøye. Vi kan få eit meir todelt velferdssamfunn «der dei rike dreg ifrå», fordi dei har råd til å kjøpa heilprivate tenester.
Innlegget var publisert i Bergens Tidende 7. september 2020.