Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
kontainer, container, frakt, shipping
Økonomi og velferd

USA er ein betydelig marknad

USA er ein betydeleg marknad for norsk eksport og norske arbeidsplassar, og har heilt sidan dei fyrste åra etter andre verdskrig vore garantisten for dei reglane som har sikra småstatar som Noreg gode rammevilkår for frihandel, skriver Jan Erik Grindheim.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 8. februar 2017

Den norske handelen med USA er forholdsvis lav, drøyt en tidel av handelen med EU», seier Christian Anton Smedshaug, daglig leiar i Agri Analyse, til Nationen 1. februar.

Lav og lav, fru Blom: I 2015 eksporterte norske bedrifter for 37 milliardar kroner til USA, 32 av desse milliardane var fastlandseksport. Eksporten til USA har aldri vore høgre.Diverre sank USA-eksporten i 2016: til 31 milliardar kroner totalt og nesten 26 milliardar kroner frå fastlands-Noreg. Men framleis er USA nummer fem på lista over Noregs største eksportmarknadar når me teller einskilde land. På plassen føre kjem Storbritannia, med 29 milliardar kroner. Medan fastlandseksporten til dei tre vinnarane, Sverige, Nederland og Tyskland, til saman er på litt over hundre milliardar kroner.

USA er ein særs viktig marknad for norsk sjømat. I 2015 var den amerikanske marknaden på 3,3 milliardar kroner, men meir interessant er det kanskje at dette er den marknaden som veks hurtigast for norsk sjømat. Berre i 2015 var veksten på heile 33 prosent. Her ligg eit fantastisk potensial, om ikkje USA slår inn på ei ny line for internasjonal handel.

Me importerer òg mykje frå USA, faktisk meir enn vi sel dit. I 2016 var USA nummer fire på lista over land me importerer frå. I tillegg er det mykje amerikanske investeringar i Noreg. I 2014 var det 591 føretak med amerikanske eigarar i Noreg. Desse ga arbeid til meir enn 55 000 personar og hadde ei omsetning på mest 355 milliardar kroner. Dei stod for 25 prosent av verdiskaping frå utanlandske selskap i Noreg (rett nok mykje fordi mange av desse selskapa er knyt til petroleumssektoren).

Smedshaug kjem med sine analysar i samband med at den nyvalde presidenten i USA, Donald Trump, ynskjer å trekkje seg frå internasjonale handels- og investeringsavtalar, til dømes den USA sist år gjekk inn i med Stillehavslanda – og mest truleg den EU og USA har tinga om sidan 2013: Den transatlantiske handels- og investeringsavtala TTIP. Det vil kunne ramme norske arbeidsplasser hardt, ikkje minst i distrikta kor mange av dei små og mellomstore norske eksportnæringane er lokalisert. Difor er eg heilt usamd med Smedshaug i at me ikkje er så sårbare med omsyn til handelen med USA om TTIP-avtala ikkje vart noko av. USA er ein betydeleg marknad for norsk eksport og norske arbeidsplassar, og har heilt sidan dei fyrste åra etter andre verdskrig vore garantisten for dei reglane som har sikra småstatar som Noreg gode rammevilkår for frihandel.

Innlegget er på trykk i Nationen 6.2.17.

Publisert: 8. februar 2017
Handel USA
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Jan Erik GrindheimMathilde Fasting

Er norsk jordbrukspolitikk helt spesiell?

Er tollvern det eneste som kan redde og fremme norsk jordbruk? Det virker slik ifølge Sigrun Pettersborg og Hildegunn Gjengedal i Norges Bondelag.
EU og EØSNæringspolitikk
Vy tog og Posten lastebil
Aslak Versto Storsletten

Nord-Norgebanen er fortsatt galskap

Nord-Norgebanen er symbolpolitikk.
Finanspolitikk og offentlige utgifter
Lars Peder Nordbakken

Fra betryggende kraftoverskudd til risikabel kapasitetskrise

Ubalansen mellom markedsstyrt etterspørsel og politikerstyrt tilbud truer med å skape permanente kraftunderskudd.
Økonomi og velferdNæringspolitikk
Aslak Versto Storsletten

25 år siden Equinor gikk på børs

Bedre å eie mye av noe stort enn alt av noe mindre.
NæringslivNæringspolitikk
jenga spill, avkastning, skatt, norsk næringsliv, klosser, byggeklosser, hånd
Mathilde Fasting

Skatt handler ikke bare om omfordeling

Grepene Axel Fjeldavli foreslår, vil med stor sannsynlighet føre til at flere velger å flytte ut, at gründere ikke starter opp i Norge og at norsk privat næringsliv svekkes over tid.
Skatt og avgifter
Tog jernbane
Aslak Versto Storsletten

Skepsisen mot Nord-Norgebanen handler om øyne som kan se

Sterke faglige argumenter mot Nord-Norgebanen.
Finanspolitikk og offentlige utgifterØkonomi og velferd

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo