Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Økonomi og velferd

Alternativet til EØS er medlemskap i EU

Hadde me vore medlemmer av EU, kunne me òg ha påverka den politiske utviklinga i den felles rettsordenen me no fyljer utan eigentleg å skjøne kva han handlar om.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 12. desember 2019

Ei utgreiing om alternativ til EØS-avtala, slik det mektige Fellesforbundet nyleg gjekk inn for, er ein god idé, men berre om mandatet inkluderer eit fullt medlemskap i EU som eit av alternativa.

EØS-avtala er ei viktig avtale for norsk næringsliv og norske arbeidsplassar, ikkje minst i distrikta, og må difor ikkje settast i fare. Ei handelsavtale, som Nei til EU vil ha i staden, er noko heilt anna og ubrukeleg om me skal ha eit næringsliv med arbeidsplassar som er konkurransedyktige i vår største marknad.

Om lag halvparten av verdiskapinga her i landet er eksportretta, og meir enn 75 prosent av eksporten går til EU – ein marknad med meir enn 500 millionar menneske og eit sams regelverk for alle dei 31 landa denne marknaden omfattar. Dette regelverket regulerer ikkje berre korleis varer og teneste vert kjøpte og selde over landegrensene, men òg korleis dei vart produserte og konsumerte.

Slik set EØS-avtala standardar for korleis arbeidsmarknaden vert organisert i dei einskilde landa, så ikkje nokon av dei kan halde uakseptable låge standardar og løner på arbeid, eller subsidiere verksemder som kan utkonkurrere varer og tenester frå høgkostland som Noreg. Men framleis er det meir å hente på dette området, ikkje minst når det gjeld den frie rørsla av arbeidskraft i EØS. Difor ynskjer òg EU no å etablere eit arbeidslivsbyrå, som mellom anna skal kjempe mot det som vert kalla sosial dumping i EUs indre marknad. Gjennom EØS-avtala har dette òg relevans for Noreg, som har vorte invitert til såkalla observatørstatus i byrået saman med dei andre EØS-landa og Sveits.

Me må takka ja til den invitasjonen, for den sams rettsorden EUs indre marknad byggjer på, er ikkje noko «ras mot botnen», slik Nei til EU påstår, men ein freistnad på å skape betre vilkår i arbeidslivet i fleire av dei landa me konkurrerer med gjennom EØS-avtala. Lukkast me ikkje med dette, kan me berre seie takk og farvel til tusenvis av norske arbeidsplassar over heile landet.

EØS-avtala har nokre negative konsekvensar for nokre bransjar i Noreg. Men det finst eit nasjonalt handlingsrom i avtala for å gjere noko med dette. Hadde me vore medlemmer av EU, kunne me òg ha påverka den politiske utviklinga i den felles rettsordenen me no fyljer utan eigentleg å skjøne kva han handlar om. Det ser me ikkje minst i arbeidslivspolitikken, som me treng eit sterkare grep på om me skal halde oss i EUs indre marknad, og difor må me òg starta ein ny EU-debatt i Noreg no. 25 års utanforskap er nok.

Artikkelen er på trykk i Dag og tid 7.12.19.

Publisert: 7. mars 2023
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Jan Erik Grindheim

Immigration does not resemble a zero-sum game

This does not look like a zero-sum game.
Innvandring og integrering
Kristin ClemetMathilde Fasting

Intet nytt fra Stensbak

Vil man diskutere virkningene av ulikhet, må presisjonsnivået være langt høyere.
Formuesskatt
Utsnitt fra EU flagget
Eirik Løkke

Norge kan neppe ro seg unna realitetene i EU-debatten

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) uttrykker i Klassekampen (22. juli) et håp om at den norske roingen under fotball-VM kan gjøre nordmenn mer motstandsdyktige mot EU. 
EU og EØS
EU norge
Kjetil Wiedswang

Island, Norge og EU: Død ved tusen kutt. Eller?

EØS-avtalen risikerer en langsom og smertefull død. Island kan bidra med barmhjertighetsdrap.
EU og EØS
fotball stadium
Eirik Løkke

Fotball-VM i Norge er økonomisk galskap 

Venstrelederen argumenterer for at det er viktig med visjoner og drømmer; det kan jeg være enig i. Men enda viktigere er det, særlig for politikere, å vektlegge økonomisk edruelighet når de skal håndtere skattebetalernes penger. 
Finanspolitikk og offentlige utgifter
Jan Erik Grindheim

Sjølvforsyningsgraden og medlemskap i EU

Om det er tryggleik for norsk mat og sjølvforsyningsgraden til det norske folket regjeringa er oppteken av, burde me søkje om medlemskap i EU – heller enn å tru at føresetnaden for å få dette til er at den norske bonden har moglegheit til å ta ut ei inntekt på line med andre grupper i samfunnet.
EU og EØSNæringspolitikk

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo