Kva er ein realistisk sikkerheitspolitikk?
Jan Erik Grindheim svarer Ingrid Fiskaa.
Publisert: 22. januar 2025
«Noreg må utforma ein realistisk sikkerheitspolitikk, som ikkje er basert på ønsketenking». Det skriv stortingsrepresentant for SV, Ingrid Fiskaa, i KK 17. januar. Grunnen er at «Stormakta USA og småstaten Noreg har heilt ulike interesser», skal me tru Fiskaa.
Me får ikkje vite noko om kva interesser Noreg har anna enn at folkeretten er «vårt beste vern mot å bli offer for stormakters maktmisbruk». I denne samanheng tyder det at USA vil «senda krigsskip til Stillehavet», skal me tru Fiskaa. Kva det tyder av stormakters maktmisbruk for Noreg, er ikkje lett å forstå.
Heller ikkje skriv Fiskaa eit einaste ord om kva ein realistisk norsk sikkerheitspolitikk går ut på, men ho slår fast at der stormakter ser «faste internasjonale reglar som ei hindring, ser småstaten tryggleik og handlingsrom».
Ho har heilt rett i at store land langt på veg kan gjere som dei vil i internasjonal politikk, medan små land må gjere som dei må. Difor er internasjonale reglar heilt naudsynte for små land som Noreg.
Men er det rett, om me fylgjer USA si line i forsvars-, sikkerheits- og utanrikspolitikken frå slutten av andre verdskrigen og fram til i dag, at landet ikkje har stilt opp for det internasjonale samarbeidet om sams reglar og organisasjonar som har vore eit gode for eit lite land som Noreg?
Teksten er publisert i Klassekampen 20.1.2025.