Karbonavgifter som nullsumskatt
Karbonavgifter er det ideelle verkemidlet for å få ned klimagassutsleppa. For å gjere det enklare å innføre karbonavgifter foreslår denne rapporten derfor eit heilskapleg system for resirkulering av inntektene tilbake til skatteytarane.
Publisert: 17. desember 2015
Forslag om jamt stigande klimaavgifter med nøytral inntektsresirkulering
Av Håvard Saksvikrønning
Karbonavgifter er på mange måtar det ideelle verkemidlet for å få ned klimagassutsleppa. Samanlikna med kvotehandel er avgifter klart meir kostnadseffektivt, men det er også gode argument for at det kan vise seg politisk lettare å oppretthalde stabile, høge karbonavgifter enn høge men varierande kvoteprisar. I tillegg kan avgifter opne opp for ei heilt anna tilnærming til ein global klimaavtale, der ein avtaler innsats i staden for kvotar og utsleppsreduksjonar. Men utfordringa med avgifter er at skatteaukar stort sett alltid er kontroversielle, og så langt er det derfor berre nokre få land som har klart å innføre klimaavgifter.
Skepsisen til avgiftsaukar kjem som regel av at ein ikkje stolar på at inntektene vil verte nytta på ein fornuftig måte – og kva som vert oppfatta som fornuftig varierer frå person til person. For å gjere det enklare å innføre karbonavgifter foreslår denne rapporten derfor eit heilskapleg system for resirkulering av inntektene tilbake til skatteytarane. Tanken er at ein ved å «eliminere» inntektene kan skape ein skatt som berre har ein effekt, nemleg at den gjer det dyrt å forureine. Ein slik nullsumskatt bør derfor kunne vere relativt ukontroversiell på tvers av det politiske spekteret, og vil dermed kunne nyttast til å auke karbonprisen jamt og trutt inntil det ikkje lenger er lønsamt å sleppe ut klimagassar.
Last ned og les Civita-rapporten her: