Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
kors, kirke, himmel
Politikk og samfunn

Tilgi meg fordi eg er så skamlaus

Eg ler høgt av Bjarte Tjøstheims «Tilgi meg» Men kva Gud er det som gjev oss dårleg samvit i dag?

Lars Kolbeinstveit

Publisert: 25. oktober 2023

Bjarte Tjøstheims «Tilgi meg» går på Det norske teateret om dagen. Eg var der fredag, og lo i lag med ein fullsatt sal. Tjøstheim startar med å snakka om oppveksten som presteson på Randaberg utanfor Stavanger. Han trudde sterkt. Dei kule klassekammeratane – hedningene – gjekk pSå Idrettshuset. Slik skaper Tjøstheim eit klassisk skille i Norge: Mellom gamal trong kristendom og påfølgjande dårleg samvit, og det kulturradikale og sekulære Noreg. Personleg kan eg le høgt med fortellinga til Tjøstheim. Men eg ler også litt av det. For å gjera narr av trong kristendom er ikkje noko nytt i Noreg. I det moderne sekulære Noreg er det vel så mykje nye avgudar og makt som gjev folk dårleg samvit. Dårleg samvit er dessutan noko alle kan slita med. Det er ein del av det å vera menneske hinsides religiøs tru. 

Min kristendom

Etter å ha sett «Tilgi meg» tenkjer eg at sekulære ikkje må gløyme det dei eigentleg skal meine. Dei hevdar at det ikkje finst nokon Gud. At det er irrasjonelt å frykta ein Gud som straffar. Ja, det er irrasjonelt, men om Gud berre er fantasi, så kan folk laga ny tru. Religiøs tru er jo menneskeskapt. Sekulære som freistar å avsløra makt i religion burde meina meir om nye gudar og ny makt, som mennesker skapar. 

Ungane våre vil til dømes ofte ikkje fortelja kva som har skjedd. Dei vil ikkje snitche(sladre) i frykt for flokken. Lojalitet til gjengen trumfar det rette. Slik har det kan hende alltid vore, men eg trur sekulariseringa også har avla nye dogme og makter som vi bøyer av for. Skulen og samfunnet slit om dei unge enten ikkje tek ansvar som sekulære og frie individ, eller at dei heller ikkje trur på ein rettvis Gud; at ein skal vera ærleg og seia kva som er sant og rett. Ikkje i frykt for ein straffande Gud, men i frykt for kva slags samfunn vi får om frykt trumfar rett. Vi vil jo ikkje at idiotane skal få sleppa unna, og då er vi ille ute om ungane får dårleg samvit, om dei har snitcha. 

Eg veit ikkje så mykje om kva Tjøstheim meiner om kristendom, men for meg er det sentralt at vi alle er feilbarlege. Ikkje skam deg for mykje, men heller ikkje så lite at du gjev faen. Det fine med protestantisk kristendom ligg her. Vi er alle feilbarlege og syndarar. Ingen andre enn Gud kan døma deg. Jesus på krossen ber dine synder, og du får tilgiving

Men tyder det at ein kan gje opp? At det heile er vonlaust, og at ein aldri kan verta eit betre menneske her på jorda? Nei, poenget er fridom frå avgudar og andre menneske, som freistar å bruka makt over deg og gje deg dårleg samvit. Samstundes er det liten tvil om at mange i Noreg nettopp har vakse opp i ein kristen kultur der folk vert plaga av for mykje dårleg samvit. Her vil kristne svara litt som sosialistane gjer om du peiker på Cuba eller Sovjet: Det der er ikkje eigentleg kristendom. 

Tjøstheim vil ikkje støvsuge

Tilbake til Tjøstheim: kva er dårleg samvit? Tjøstheim er god når han gjer narr av korleis vi menneske ofte plager oss sjølv med irrasjonell dårleg samvit, men han går mykje djupare. For dårleg samvit er ikkje berre teit. 

Tjøstheim har dårleg samvit for det han burde gjort eller ikkje burde gjort. Det gjer ikkje noko om du snakka om det same om igjen då du var puben i går. At du tok litt mykje plass og åt frossenpizza då du kom seint heim gjer då ingenting. Sa du noko stygt til nokon bør du be om orsaking, men å gjere det ein sjølv vil er ikkje gale. Tjøstheim vil ikkje støvsuge og han vil ikkje verta internasjonal diplomat. Det burde han ikkje plaga seg sjølv med. Det er når vi ikkje er der som medmenneske det er grunn til dårleg samvit. 

Dårleg samvit i helvete på Ikea

Tjøstheim er på sitt beste og morosam når han viser korleis vi mennesker trass faren for dårleg samvit gjev etter for lyster og laster. Berre ein runde til i baren, før han timar seinare vakner med dårlig samvit igjen. Men utan truverd. For om Tjøstheim får så dårleg samvit, kvifor gjer han som han gjer? Denne dobbeltmoralen ser Tjøstheim sjølv, og det gjev han berre meir dårleg samvit, og ikkje minst skam. Men Tjøstheim er ikkje åleine, sjølv Paulus såg det: «Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det onde som eg ikkje vil, det gjer eg.»

Tjøstheim må på Ikea åleine fordi kona er heime med øydelagt fot. Då er det ikkje synd på Tjøstheim, sjølv om han synes det. For å skru møbler frå Ikea er jo ei straff, er det ikkje? Sjølvsagt ikkje. Det skulle berre mangle at vi gjer meir når nokon i familien er sjuke og treng hjelp. Likevel tenker vi ikkje alltid slik, og det gjev oss skam og dårleg samvit. Litt av det er bra, men ikkje for mykje. Tjøstheim har litt mykje av det. Og det har gitt han mellom anna angst. Men slik er det å vera menneske. Vi er feilbarlige, irrasjonelle og vi blir plaga av dårleg samvit av gode og dårlege grunnar. Tjøstheim syner oss dette ved hjelp av humor. Det trur eg mange er takksame for. 

Takk Bjarte

Tjøstheim seier han drøymer om å vera er ein blanding av Jens Stoltenberg og Jan Egeland. Utretta nok stort. Det heile gjer han dårleg samvit, men gjer det noko at Tjøstheim ikkje er som Egeland? Nei, tvert om gjer Tjøstheim meir godt for andre menneske med det han gjer no, som ein komikar med gode og treffande poeng, som stikk djupt.

Innlegget er publisert i Minerva 23.10.2023.

Publisert: 24. oktober 2023
Kultur Religion
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

kors kristendom kirke religion
Kjetil Wiedswang

Gud er tilbake. Men nordmenn ser litt annerledes på saken

Gud er ikke død. Det er flere religiøse mennesker i verden enn noen gang tidligere, og de kommer til å bli enda flere de neste tiårene. Aktive ikke-troende er en krympende global minoritet. Norge er likt, men også et annerledesland i denne sekulære minoriteten.
Politikk og samfunnSivilsamfunnet
Brexit EU Storbritannia
Kjetil Wiedswang

Den tunge veien tilbake

Ti år etter at Storbritannia stemte for å forlate EU, mener velgerne at det var en dårlig idé. Labour-regjeringens beste håp om å vinne neste valg er å love omkamp. Men det ligger et hopetall av snublesteiner i veien.
InternasjonaltEU og EØS
Stortinget, 169 stortingsplasser, borgerlig, rødgrønn
Kristin Clemet

Det er tre år igjen til neste stortingsvalg. Hva har vi i vente?

Spørsmålet som vi bør interessere oss mer for nå, er hvilke konsekvenser det har at det politiske landskapet blir stadig mer fragmentert.
Norsk politikkPolitikk og samfunn
EU vegg mur
Kjetil Wiedswang

Hva britene fikk – og hva de tapte

Ti år etter at britene stemte for å forlate EU, krangler de stadig om effekten brexit har hatt på samfunn og økonomi. Velgernes dom er til gjengjeld klar: Et klart flertall mener brexit var en fiasko. Over halvparten mener landet bør søke medlemskap på ny.
InternasjonaltEU og EØS
Brexit
Kjetil Wiedswang

Britenes nei til EU sjokkerte – og varslet en ny tid

For 10 år siden, i juni 2016, stemte 52 prosent av britiske velgere for at landet skulle forlate EU. Resultatet sjokkerte både på EU-motstandere og tilhengere. Hva var det som skjedde?
InternasjonaltEU og EØS
Donald Trump
Eirik Løkke

Donald Trumps politiske selvskading kan ødelegge valget for republikanerne

Den 3. november går amerikanerne til urnene for å velge USAs 120. kongress. Valgresultatet kan bli en katastrofe for det republikanske partiet, og det er lite som tyder på at Donald Trump bryr seg veldig.
USA

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo