Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Spinoza
Ideer

Det liberale demokratiets vesen og opphav

Arild Pedersen skriv innsiktsfullt og levande, og til tider frigjerande sarkastisk, om dei evige spørsmåla i eit moderne demokrati.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 7. august 2022

Kvifor vart ein pragmatist tiltrekt av ein rasjonalist? Det spør den nyleg avlidne professoren i filosofi, Arild Pedersen (1946-2022), i ei sjølvbiografisk og erkjenningsteoretisk bok om filosofen Baruch Spinoza (1632-1677).

Boka er ein frimodig og velskriven tekst der Pedersen freistar å finna ei form for overlappande likskap mellom eigne tankar og korleis Spinoza såg verda for snart fire hundre år sidan. Det er ikkje så lett når ein pragmatist som meiner at ingen kunnskap kan ha absolutt sikkert grunnlag, og at vitskap kan feile, men òg reviderast, møter ein rasjonalist som seier at kunnskap om oss sjølve og verda me lever i, også må ha forankring i visse idear, sanningar og årsakssamanhengar gjevne utanfor oss sjølve.

OPPGJERET
På 1600- og 1700-talet var den rådande tanken framleis at desse ideane, sanningane og årsakssamanhengane berre fanst hjå ein Gud som menneske kunne møta gjennom mirakel og openberringar. Pedersen skriv mykje og godt om korleis dei monoteistiske religionane jødedom, kristendom og islam påverkar våre tankar og levevis i dag, om enn på særs ulike vis. Men til sjuande og sist er det oppgjeret med religiøse dogme som er temaet for denne boka, der Spinoza spelar hovudrolla, medan Pedersen kanskje er meir forteljar enn medspelar.

Plottet er i hovudsak teke frå Spinozas Tractus Theologico-Politicus, som kom ut utan forfattarnamn på eit oppdikta tysk forlag i 1670. Ifylgje Pedersen fordi denne «boka frå helvete», som katolikkar i samtida kalla ho, truleg ville vorte sensurert og forfattaren arrestert om namnet til den verkelege forleggjaren i Amsterdam hadde stått på trykk. Grunnen var den alternative tilnærminga Spinoza forfekta om korleis me skal forstå oss sjølve i biletet av det Pedersen skriv mykje om under nemninga substansenlgudlnaturen.

UTFORDRANDE
Til tider vert det ganske utfordrande å fylgja dette forholdet, ikkje minst når dei tre stadia substans, gud og natur stendig skifter plass i argumentasjonsrekkja til Pedersen. Men det er ikkje vanskeleg å sjå at det argumentet dei samtidige religiøse makthavarane ikkje kunne tola, var at guddommelege lover og moral også kunne forståast rasjonelt. For Spinoza var det heilt sentralt at rasjonaliteten vart halden oppe autoritativt også på teologiens område. Difor kallar Pedersen Spinoza ein reindyrka rasjonalist som var meir radikal og frittenkjande enn andre opplysningsfilosofar i samtida, til dømes Thomas Hobbes og John Locke.

Med kravet om ein rasjonelt basert teologi sådde Spinoza òg dei fyrste moderne tankane om det me i dag kallar eit liberalt demokrati, og korleis religionen må spela ei underordna rolle i forhold til den sekulære suverenen, altså den lovgjevande forsamlinga, «enten denne representerer et diktatur, et monarki eller et demokrati». Det skriv Pedersen under overskrifta «Naturlige og borgerlige rettigheter og statens makt», der han tek utgangspunkt i korleis Spinoza, etter å ha fullført religionskritikken sin i Tractacus, også fremja eit ynske om å laga ein generell teori om forholdet mellom religion og ein sekulær stat.

SKRIV FRITT
Pedersen skriv innsiktsfullt og levande, og til tider frigjerande sarkastisk, utan å skjegla til dei akademiske kollegaene sine. Mange av dei vil sikkert ha ein og annan kritisk kommentar til denne boka, men boka er god nett fordi Pedersen skriv så fritt og udogmatisk. Ikkje lettlesen akkurat, men etter nokre rundar sig samanhengane inn, ikkje minst når me får ein gjennomgang av europeisk idéhistorie på under 40 sider. Pedagogisk vert det òg, til dømes når han skriv om dei fire r-ane i den samanheng, og diskuterer forholdet mellom religion og rasjonalitet i renessansen og korleis rettane i det liberale demokratiet sprang ut av denne diskusjonen.

Arild Pedersen var ein særeigen fritenkjar i det vitskaplege miljøet. Stemma hans vil verta sakna, ikkje minst i spaltene i Dag og Tid. Men ho er godt teken vare på i Spinoza og jeg. Og vår teologisk-politiske traktat for det sekulære samfunn. Verken meir eller mindre.

Teksten er på trykk i Dag og tid 5.8.2022.

Publisert: 8. august 2022
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

kristendom kors
Lars Fr. H. Svendsen

Hvorfor jeg ikke er kristenkonservativ

Kristenkonservatismen har et påfallende selektivt forhold til frihet.
KonservatismeIdeer
MacIntyre
Eilev HegstadMorten Magelssen

Alasdair MacIntyres moralfilosofi – et korrektiv til dagens etikkundervisning?

På skolen lærer man om plikt-, dyds- og konsekvensetikk. Det er naturlig, og alle som skal lære etikk må begynne et sted. Men måten de etiske teoriene fremstilles på kan også gi opphav til misforståelser.
IdeerPolitisk filosofi
Jesus kristendom
Kjetil Wiedswang

Kamerat Jesus vender tilbake

To av Rødts stortingsrepresentanter har lansert en guide til Bibelen. De har problemer med noen korsveier.
IdeerSosialisme og sosialdemokrati
AI forsvare demokratiet
Skjalg Stokke HougenTorkel BrekkeMathilde Fasting

Kampen om fremtiden er aldri tapt

I en tid hvor fokuset er på sikkerhet og beredskap, må vi ikke glemme hvilke verdier Vesten er bygget på.
IdeerInternasjonaltPolitikk og samfunn
Kirke kristendom
Bård Larsen

Autoritære og giftige uttrykk ses på som forankret i gudstro og frelse

Kristendommen har tradisjonelt vært bærer av sterke etiske idealer knyttet til nestekjærlighet, menneskeverd og omsorg for de svakeste. Når troen i stedet brukes som et frikort for å forsvare undertrykkelse, vold eller diskriminering, beveger man seg da ikke bort fra troen?
IdeerInternasjonaltPolitikk og samfunn

Nytt Civita-notat: Markedet løser aprilsnarrproblemet

Civita lanserer i dag notatet «Desinformasjon og markedskorrigering: Hvorfor regulering av aprilsnarr er unødvendig og skadelig».
Ideer

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo