Privatisering og konkurranseutsetjing er ikkje det same
«Fordreie, forskjønne, forføre». Det er overskrifta Linn Herning har sett på eit innlegg i Dag og Tid for to veker sidan der ho tek til motmæle mot min kritikk av hennar samtale med Morten Strøksnes i Dag og Tid veka før.
Publisert: 15. oktober 2023
Men eg fordreidde ikkje noko i min kritikk av utsegnene hennar, ei heller forførte eg nokon. Eg korrigerte ein feil bruk av omgrepa privatisering og konkurranseutsetjing, og eg påpeikte at Herning sin påstand om at «det er ingen tvil om at det blir fart på både privatisering og kutt i den offentlege velferda, no når både Høgre og Frp får meir makt i Kommune-Noreg», er heilt feil.
Det står ingen ting i programma til dei to partia, eller på heimesidene deira, om at dei vil privatisere og kutte i den offentlege velferda. Dette er reine usanningar frå Herning si side. Noko ho berre finn på. Det kan kvar og ein sjølv sjekke ved å lese partiprogramma.
Herning skriv òg at det er Civita som kritiserer samtalen mellom henne og Morten Strøksnes i Dag og Tid 15. september. Det er det ikkje. Det er eg, som professor i statsvitskap og forfattar av ei velbrukt lærebok i offentleg forvaltning, som tek til motmæle mot dei påstandane Herning og Strøksnes kjem med, fordi dei er feil.
Kjem slike feil fram i den offentlege debatten på eit felt eg kjenner særs godt, tenkjer eg at det er mi plikt som tilsett på eit universitet å korrigere dei – sjølv om eg samstundes har ei bistilling i Civita.
I Civita er me ikkje ein gjeng marknadsfundamentalistar, slik Herning alltid freistar å få det til å sjå ut som. Men kvar og ein av oss trur på marknadsløysingar med ideelle og kommersielle aktørar for å fremje betre kapasitet, kreativitet, kapital, kunnskap og kompetanse i offentleg sektor.
Innlegget er på trykk i Dag og Tid 13.10.2023.