Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet
Økonomi og velferd

Uklårt om brexit og Noreg 1994

Jan Erik Grindheim svarer Svein Gjerdåker.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 27. januar 2019

Bladstyrar Svein Gjerdåker hadde ein flott leiar i Dag og Tid i førre veke om det politiske kaoset i Storbritannia grunna ynsket deira om å forlate EU. Eg er heilt samd i konklusjonen han gav om at det beste av alle dårlege alternativ britane no har, er å ta opp spørsmålet om brexit i ei ny folkerøysting. Ei omrøysting om den avtala dei har fått med EU. Slik me gjorde det i Noreg i 1994. Men Gjerdåker er uklår på to punkt.

Det fyrste er om folkerøystinga i Noreg i 1994. Her seier han at nei-sida meinte eit fleirtal for innmelding i EU «måtte vera stort nok for at eit nei-mindretal på Stortinget skulle røysta ja». Nei-sida hadde sterke meiningar om dette, ja, det er heilt rett, men deira krav var at det måtte bli eit fleirtal i fleirtalet av fylka for at eit fleirtal på Stortinget skulle akseptere eit medlemskap. Det var aldri slik at «eit nei-mindretal på Stortinget skulle røysta ja til ei så stor suverenitetsavståing». Røysta dei nei, røysta dei nei. Ingen vart tvinga til å røysta ja.

Det andre punktet er i spørsmålet om Nord-Irland og grensa til Irland. Her skriv Gjerdåker at det verkar nesten umogleg «å få til ei fornuftig løysing på grensespørsmålet mellom Nord-Irland og Irland». Hadde det vore so vel at det var slik fatt, hadde ei løysing vore lett å finne. Men dette handlar ikkje om ei grense mellom Nord-Irland og Irland, men mellom Storbritannia og Irland og mellom Storbritannia og EU. Nord-Irland er britisk territorium og ein del av den britiske statens suverenitetsområde. Same kva løysing britane får med EU om dei dreg seg ut, vil den gamle konflikten mellom Irland og Storbritannia om desse provinsane lett kunne blusse opp igjen. Difor er det viktig å forstå kven denne grensa skil av folk og land.

Innlegget er publisert i Dag og tid 25.1.19.

Publisert: 29. mars 2023
EØS
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Jan Erik Grindheim

Immigration does not resemble a zero-sum game

This does not look like a zero-sum game.
Innvandring og integrering
Kristin ClemetMathilde Fasting

Intet nytt fra Stensbak

Vil man diskutere virkningene av ulikhet, må presisjonsnivået være langt høyere.
Formuesskatt
Utsnitt fra EU flagget
Eirik Løkke

Norge kan neppe ro seg unna realitetene i EU-debatten

Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) uttrykker i Klassekampen (22. juli) et håp om at den norske roingen under fotball-VM kan gjøre nordmenn mer motstandsdyktige mot EU. 
EU og EØS
EU norge
Kjetil Wiedswang

Island, Norge og EU: Død ved tusen kutt. Eller?

EØS-avtalen risikerer en langsom og smertefull død. Island kan bidra med barmhjertighetsdrap.
EU og EØS
fotball stadium
Eirik Løkke

Fotball-VM i Norge er økonomisk galskap 

Venstrelederen argumenterer for at det er viktig med visjoner og drømmer; det kan jeg være enig i. Men enda viktigere er det, særlig for politikere, å vektlegge økonomisk edruelighet når de skal håndtere skattebetalernes penger. 
Finanspolitikk og offentlige utgifter
Jan Erik Grindheim

Sjølvforsyningsgraden og medlemskap i EU

Om det er tryggleik for norsk mat og sjølvforsyningsgraden til det norske folket regjeringa er oppteken av, burde me søkje om medlemskap i EU – heller enn å tru at føresetnaden for å få dette til er at den norske bonden har moglegheit til å ta ut ei inntekt på line med andre grupper i samfunnet.
EU og EØSNæringspolitikk

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo