Politikk og samfunn

Ein samtale om nynorsk skriftkultur

Publisert: 22. oktober 2018

Civita og Samlaget inviterte til kveldsmøte og boklansering måndag 22. oktober 

I boka «Nynorskens lys. Eit essay» skriv Morten Søberg at det nynorske skriftmålet så å seia er gjennomstrøymd av munnhell og ordtak, reiser, politikk, samtalar og utprøvingar; det er tale om ein skriftkultur som har mykje til felles med det klassiske essayet: subjektiv og krevjande, kjettersk og søkjande. Djupast sett utgjer nynorsken eit særeige demokratisk og intellektuelt innslag i den norske ålmenta – eller kva?

Til samtale var: Morten Søberg, forfattar og direktør for samfunnskontakt, SpareBank 1 Gruppen, Sveinung Rotevatn, statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet (V) og kulturredaktør i Aftenposten Sarah Sørheim.