Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet

Synnøve Vereide Trampe: Gutta- Den nye likestillingskampen

Kagge, 2026

Betre enn Gro

Av Lars Kolbeinstveit, rådgiver i Civita.

Synnøve Vereide Trampe tek likestillingsproblema til gutane på alvor. Det skal vi vera glade for. Om folk som Trampe ikkje gjer det, vil autoritære menn gjere det, men det er ikkje berre derfor denne boka er viktig. Boka syner oss kva som er feil med norsk likestilling, og dokumenterer at gutane vert gløymde for ofte.

Eg trur Trampe kunne nådd breiare ut om ho i høgare grad anerkjente likestillingsproblema til kvinner, men ein slik kritikk er ikkje heilt treffande. Trampe har rista seg laus frå eit kvinnedominert likestillingsfelt og skrive ei bok om gutar. Det meiner eg er viktig for at den oppveksande generasjonen skal ta likestilling for både menn og kvinner på alvor. 

Mange gutar og menn, men også kvinner, snakkar ikkje høgt om kva dei meiner om likestilling. Politiske tema som har for store avvik mellom kva folk seier privat og i det offentlege, er ofte prega av ei for sterk semje. Før gjaldt det innvandring og integrering. No gjeld det meir klima og likestilling. Trampe går i bresjen og breier ut likestillingsdebatten. Folk har gjort det før, men som Trampe skriv om metoo, er det vanleg at menn som kjem med andre perspektiv, vert latterleggjorde eller utsette for hersketeknikkar.

Eit anna døme er diskusjonen om likeløn. Trass i at mange rapportar og fagfolk har presisert at vi i svært høg grad har lik løn for likt arbeid i Noreg, vert ikkje argumenta høyrde. Den tyske filosofen Jürgen Habermas, som nyleg gjekk bort, snakka om normer for diskusjon og den tvanglause tvangen i eit betre argument. Den regelen fungerer ikkje i diskusjonen om likeløn.

Kvart år i midten av november køyrer fleire organisasjonar kampanjar om at kvinner i Noreg arbeider gratis ut året fordi dei har lågare årsløn enn mennene. Trampe skriv at ein meir rettvis kampanje burde sagt noko slikt som at «kvinner jobber ikke resten av året. I hvert fall ikke på en arbeidsplass». Her er Trampe skarp, men når ho hevdar at politikarar berre kan vedta at typiske kvinneyrke kan få meir i løn, er ho for enkel. 

Trampe hevdar at førestillingar om at kvinner i Noreg framleis vert haldne tilbake av strukturar, i høg grad er feil. Ho meiner kvinner ofte er friare enn dei trur. Sjølv om Trampe er «godt planta på venstresida», er ho oppteken av frie val og individuelt ansvar. Eg er ikkje samd i at fedrar treng ein eigen kvote for å ta pappaperm, men Trampe er ikkje hardnakka når ho tek fedrekvoten i forsvar. Ho drøftar balansert.

Trass i at ho syner kor mange problem gutar har, og korleis menn i dag vert diskriminerte, til dømes i barnefordelingssaker eller opptak til høgare utdanning, tek ho ikkje til orde for å gjera opp historiske feil med nye feil. Trampe syner oss korleis kvotering og særbehandling av kvinner har vore godt grunngjeve, men faren ved å gje kvinner kvotar og særbehandling er at det har festa seg, og det har tippa over til at kvinnedominans vert applaudert.

Eg er samd i kritikken av at likestillingslova framleis ikkje er gjord kjønnsnøytral. Sjølv borgarlege regjeringar får seg ikkje til å endra det. Skal vi styrkja norsk likestilling, meiner Trampe, er det ikkje særbehandling og kvotar, etatar, ombod og endelause seminar om at gutar har det vanskeleg, som skal til. Det trengst meir likebehandling uavhengig av kjønn. 

Den 8. mars kunne ein sjå eit intervju i sosiale medium med Gro Harlem Brundtland. Ho kommenterer at det er «høl i huet» at unge gutar ifylgje undersøkingar seier at «likestillingen har gått altfor langt». Gro er ein viktig representant i soga om norsk likestilling. Ho var sentral i abortsaka og leiar for verdas fyrste kvinneregjering. Men her freistar ikkje Gro å forstå gutane.

Slik eg ser det, har norsk likestillingspolitikk – med kvotar, etatar og forskingsmiljø, og ikkje berre med Gro og venstresida, men òg langt inn i Høgre – utvikla eit snevert og kvinneorientert syn på likestilling. Dei siste åra har vi sett ei bølgje av oppgjer mot dette. Det oppgjeret freistar Trampe å forstå, og ho gjev oss innsikt i korleis det kan handterast på ein fruktbar måte.

Det er rett at nokre utslag av «guttastemning» mot likestilling er urovekkande, men den moraliserande tilnærminga mange – også på høgresida – har til dette, tyder på at reaksjonen til gutane mot feminisme kan verta mykje hardare i åra som kjem. Trampe har på si side betre forklaringar på kva påstanden om at likestillinga har gått for langt, eigentleg betyr.

Mi von er at det etablerte likestillingsfeltet i Noreg tek boka på alvor. Trampe skriv personleg utan å gå for langt, og ho argumenterer klart. Særleg det at ho peiker på kva problem vi kan få med at viktige yrke i framtida vert endå meir dominerte av kvinner, bør vekkja interesse. 

Teksten er publisert i Dag og Tid 20.3.2026.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo