Rossavik, Frank: De korrekte. Identitetspolitikk, kansellering og presset mot det liberale samfunn
Boka De korrekte syner at Frank Rossavik er ein liberal og klartenkt pedagog, skriver Lars Kolbeinstveit.
Rossaviks prosjekt og raude tråd gjennom heile boka er at ein ny identitetspolitikk fører til at minoritetar går frå å kjempa for gjensidig anerkjenning i storsamfunnet til å kjempa for at små grupper skal få særrettar og skjermast frå open debatt. Ved å trekka vekslar på internasjonale tenkjarar, ikkje berre i USA, men også i Tyskland, syner Rossavik oss korleis den nærast religiøse identitetspolitikken og antirasismen ikkje vil hjelpa minoritetar.
Identitetspolitikken frigjer ikkje individet til å delta i opne fellesskap, men stenger det inne i små lukka fellesskap. Han svekker og splittar samfunnet. Ironisk nok er liberal kritikk av identitetspolitikk eit sterkt forsvar av fellesskapet.
Anerkjenning av minoritetar som likeverdige plagar ikkje majoriteten, ifølge Rossavik. Eit godt døme er at kvinner fekk stemmerett. Det er anerkjenning forstått som likeverd. Aktivistar som nyttar identitetspolitikk, vil lenger. Dei vil, og her set eg det på spissen, gje kvinner dobbeltstemme for å retta opp historiske i feil. Dei vil nekta folk utanfor gruppa å kunna meina noko. Menn kan ikkje meina noko om til dømes abort. Kven du er, vert viktigare enn argumenta dine.
Sjølvkritisk
Rossavik viser kor inkonsekvent ein slik tenkjemåte er, men freistar samstundes å forstå. Det er prisverdig, og han nyttar bakgrunnen sin som tunghøyrd og homofil godt. Men det bør ikkje lulla lesaren inn i ei førestilling om at sanninga ligg ein plass imellom. Sanninga ligg i dei liberale verdiane der alle er frie og likeverdige. Fri debatt sikrar best mangfald og retten til å vera annleis.
Rossavik er sjølvkritisk og drøftar påstanden om at liberale ikkje ser makt og strukturar. Han opnar for å diskutera kva grupper som har grunn til å seia at dei er marginaliserte. Historisk kan det vera lettare å svara på, men kven som har makt i dag, kan diskuterast, og det er subjektivt. Er det den kvite arbeidaren som har privilegium, eller den svarte lesbiske kvinna som er blitt professor? Det er ikkje alltid lett å svara på. Difor er det mest inkluderande å halda på dei liberale ideane om likeverd. Kamp om særrettar vil splitta samfunnet.
Atterhald
Rossavik har ingen problem med å anerkjenna transpersonar, men han har heilt rett i at denne anerkjenninga ikkje er mogleg utan open debatt. Nokre gonger er likevel Rossavik litt tam. Han kan forstå protestar mot at det han kallar «tidligere menn», vil konkurrera i kvinneidrett. Rossavik kunne gått lenger og gjeve proteststemma rett. Anerkjenning dreier seg ikkje om å få lov til alt. Blinde som ikkje får vera pilotar, vert ikkje diskriminerte.
Identitetspolitiske aktivistar lukkast dels med å slå liberale i hartkorn med ytre høgre. Kven vil til dømes sitera noko frå det alternative mediet Resett utan å ta atterhald? At det som seiest, er sant, eller eit legitimt argument, er ikkje nok lenger. Ja, Resett er langt ute, men eg er berre redd dette forplantar seg og gjer ordskifte trongare.
Kven vert neste på lista? Kan ein sitera frå avisa Subjekt? Aktivistane fryktar kva som har vore normalt å diskutera, jamfør debatten om normalisering av Framstegspartiet og Sverigedemokraterna i grannelandet. Liberale bør på si side frykta at ting ikkje lenger er normalt og legitimt å diskutera. Her skil liberale seg frå identitetspolitisk aktivisme i kampen mot ytre høgre. Dette skiljet sit heldigvis relativt sterkt i norske medium, og det er viktig for ikkje verta intolerant. Men også for liberale finst det grenser. Rossavik drøftar det med bruk av gode døme.
Innsnevring
Identitetspolitikk snevrar inn ytringskulturen og gjer avstanden mellom kva folk seier privat og offentleg, større. Kva me seier i badstua eller på nachspiel, bør ikkje nødvendigvis komma på framsida av VG. Ein god ytringskultur hegnar om fridommen til å snakka i lukka rom. Samstundes bør ikkje avstanden bli for stor. Her har sosiale medium opna dører, men særleg debatt som dreier seg om rasisme og feminisme, er prega av at mange ikkje seier høgt kva dei meiner.
Dei med høg utdanning veit at det kan vera klokt å halda kjeft. Lågare lag rasar på nettet, men også der er det mange som ikkje vågar eller vil seia noko. Sannsynlegvis er støtta til kvinnene som ville opna venleikssalong på Frogner, mykje større enn det eit korrekt medium maktar å formidla. Ei fillesak, men ho viser kor snever norsk feminisme er.
Vert avstanden mellom kva ein seier privat, og kva ein seier offentleg, for stor, skaper det eit trykk som populistar før eller seinare vil utnytta. Det er eit stort paradoks: Korrekte som fryktar den såkalla populismen, vert fort reduserte til nyttige idiotar for Listhaugane til høgre og venstre. Rossavik er ikkje ein slik nyttig idiot, men han er kan hende litt mild. Men nett difor er han ein mykje meir effektiv og framifrå kritikar av identitetspolitikk enn vi som er noko sure og konservative. Han er pedagogisk – og umogleg å putta i bås.
Innlegget er publisert i Dag og tid 30.9.2022.