Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet

Martin Bech Holte: Alternativt statsbudsjett

Kagge forlag, 2025

Fem reformer for landet som vart for rikt

Martin Bech Holte føreslår ambisiøse reformer. Spørsmålet er om han får samfunnsøkonomane og politikarane med på å gjennomføra dei.

Av Mathilde Fasting, idehistoriker i Civita.

I desse dagar vert statsbudsjettet for neste år diskutert. Budsjettutkastet er på svimlande 2200 milliardar kroner. Mest sannsynleg vert det endå dyrare når alle dei fem samarbeidspartane har fått sagt sitt. I oppfølgjaren til boka Landet som ble for rikt kjem Martin Bech Holte no med framlegg til løysingar på korleis vi kan få det norske statsbudsjettet tilbake på eit spor som er økonomisk berekraftig.

Eg las den første boka og har følgt debattane i etterkant. Holte har ikkje rett i alt, og han skriv med store ord også denne gongen. Han lagar sin eigen versjon av den økonomiske utviklinga og veksten i økonomien. Den samsvarer ikkje med dei offisielle tala. Dermed risikerer han at debatten om boka vil handle om historien og fundamentet for reformer, ikke om reformene. Første bod når ein vil ha gjennom store endringar, er at dei som skal endre, må vere einige om behovet, grunngivinga og talgrunnlaget.

Eg er likevel interessert fordi han vågar, og eg trur at ein må vere tydeleg og provosere litt for å få merksemd og diskusjon. Men Holte er meir audmjuk denne gongen enn i debutboka. Han skjønar at eit statsbudsjett ikkje berre er ei rasjonell øving, som budsjettet i ei privat verksemd, men òg handlar om politikk. 

Holte diskuterer kvifor det er så vanskeleg å ta rette avgjerder, kvifor disiplin er vanskeleg når vi har meir enn nok pengar – langt meir enn naboane våre – og difor ikkje lenger evnar å prioritere. Veljarane veit dessutan at politikarane ikkje gjer det, og då er det berre å krevje meir og straffe dei partia som ikkje gjev meir.

Sjølv om fleire samfunnsøkonomar etter den førre boka kom med sterk kritikk av Holtes omgang med statistikk og analysane hans av den økonomiske historia, tyder mykje på at han trefte ein nerve hos folk.

Men også denne gongen vil debatten rundt boka handle mykje om omtalen og bruken hans av dei offisielle tala frå blant anna nasjonalrekneskapen til Statistisk sentralbyrå. For Holte utfordrar oss på spørsmål som: Kva verknader har oljefondet på norsk økonomi? Kor stor er veksten i fastlandsøkonomien, og kor stor er verdien av investeringane i nasjonalrekneskapen? 

Holte seier ikkje kvar han står politisk, men eg som er ein liberalkonservativ siviløkonom med tru på marknadsøkonomi og meir ansvar for eige liv, og med same utdanning frå Noregs Handelshøgskule som han, skjønar kvifor Holte vil vifte med raude klutar framfor augo på samfunnsøkonomane som har utdanninga si frå Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Han vil utfordre perspektiva og meiningsmonopolet til dei dominerande ideane om økonomisk styring og det samfunnsøkonomiske perspektivet på økonomien. Eg skjønar godt at han vil provosere. På Noregs Handelshøgskule lærer ein på ein heilt annan måte enn det samfunnsøkonomane gjer, om utfordringane det er å drive privat verksemd. Dessutan korleis ein må tenkje for å skape insentiv og vekst, og korleis verksemder og vi som borgarar responderer og handlar.

Eit viktig poeng i boka er den uheldige måten statsbudsjettet vert vedteke på, og korleis det har påverka budsjettdisiplinen på Stortinget. Holte viser i boka skilnadene mellom oktoberbudsjettet som regjeringa legg fram, det vedtekne statsbudsjettet før jul og den endelege statsrekneskapen som kjem 1. mai året etter.

Fram til 2019 var det små avvik, men frå koronanedstenginga i 2020 og fram til i dag er auken i pengebruken gått frå 60 milliardar til godt over 100 milliardar. Slik kan ein ikkje halde fram, meiner Holte.

Og han kritiserer korleis regjeringa set til sides kost–nytte-vurderingane i mange prosjekt. Som til dømes den nye jernbanen frå Oslo til Moss, det nye regjeringskvartalet og Fornebubanen. Regjering og storting løyver pengar, men stoggar ikkje prosjekta om dei vert mykje dyrare enn planlagt.

Kva er så dei overordna løysingane til Holte? Han deler dei inn i fem prosjekt eller tema: Større mobilisering av arbeidskrafta vår, styrke bandet til privat kapital, som vil føre til at private verksemder vil skape meir, la prismekanismen verke, altså redusere subsidiane, få til meir effektivt offentleg forbruk, og betre styring og leiing av offentlege verksemder.

Det viktigaste framlegget hans handlar om mobilisering av arbeidskrafta vår – å få fleire i arbeid. Han vil redusere skattane på arbeid med heile 200 milliardar kroner for å få folk til å velje arbeid framfor trygd. Han syner til at pensjonsreforma, utforma av noverande finansminister Jens Stoltenberg, har verka. Fleire står no i arbeid lenger, og fleire kombinerer pensjon og arbeid. Holte vil ha fleire tiltak av same type.
Litt under halvparten av dei 200 milliardane dette kostar, frå 70 til 90 milliardar, meiner han vil dekkast inn på lengre sikt ved at fleire kjem i arbeid og færre er på trygd. Holte baserer seg på overslag frå liknande tiltak som dei innførte i Sverige i 2006.

Det andre store framlegget han presenterer, handlar om å erstatte formuesskatt med eigedomsskatt og senke kapitalskatten. Slik vil han ha eit skattesystem som liknar meir på nabolanda våre, særleg Sverige.

Det tredje framlegget er å «la prismekanismen virke». Subsidiar er ikkje god politikk, meiner Holte. Han ramsar opp ei rekke av dei: 57 milliardar tar han frå elbilstøtta, straumstøtta, f ly, ferjer, barnehagar og SFO. Private verksemder kan heller ikkje rekne med å få subsidiar med budsjettet hans. Han vil òg fjerne subsidiar til kraftkrevjande industri og til landbruket. 

Eg trur at mykje av det Martin Bech Holte kjem med, kan gjennomførast, om kanskje ikkje nett slik han skisserer det. Men ein gjennomgang og debatt om skatt, arbeid og trygd er viktig. Her har til dømes Torvik-utvalet fleire framlegg ein kan sjå til. Vi veit også at finansminister Jens Stoltenberg ønsker ein ny skattekommisjon.
Store kutt i subsidiar er derimot ønsketenking. Her blir det garantert politisk bråk. Då Civita for nokre veker sidan føreslo å legge ned nokre småflyplassar, kom det fleire protestar i medieovervakinga vår enn nokon gong før. Og forslaga til Holte er langt meir radikale og omfattande.

Hadde Holte hatt styringa på statsbudsjetta for den neste perioden, ville han ha redusert budsjettet med 225 milliardar kroner. I lys av korleis utgiftene har auka dei seinare åra, er det vanskeleg å tru på det talet. Den typen innsparingar kjem ikkje utan store reformer og grep. Men i tråd med ambisjonane Holte har og forslaga han presenterer, er talet lettare å godta. 225 milliardar er trass alt berre 10 prosent av heile statsbudsjettet.

Eg trur diverre at debattane om denne boka vil handle meir om korleis Holte framstiller norsk økonomi. Eg seier diverre fordi reformer av den typen Holte argumenterer for, bør ønskast velkomne. Om vi ikkje er samde med Holte, bør vi kome med andre framlegg, ikkje sable ned freistnaden hans på å få til ei endring.

For meg er det pinleg å sjå at nabolanda våre er så mykje betre enn oss i budsjettdisiplin. Og eg stiller meg bak Holtes påpeiking av at vi, med vårt utgangspunkt og vår rikdom, bør ha langt større økonomiske ambisjonar for landet vårt enn det vi har i dag.

Teksten er publisert i Dag og Tid 21.11.2025.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo