Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Civita
Handlekurv
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi og velferd
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Jakten på det borgerlige
  • Brev fra EU
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
Meld deg på nyhetsbrevet

Ida Rydning og Nora Steenberg: I det ondes tjeneste – totalitære kvinner i historien

Ekstreme kvinnfolk

I det ondes tjeneste – totalitære kvinner i historien er ei viktig bok som anerkjenner kvinners rolle i politikken – på godt og vondt.

Av Lars Kolbeinstveit. filosof i Civita.

I Noreg er vi kanskje særleg stolte av kva kvinner har gjort av det gode for politikken – frå Camilla Collett til Gro Harlem Brundtlands kvinneregjering. Men kva med det vonde og totalitære i politikken?

At menn er fulle av skuld for vondskap og maktmisbruk i politikken, er vidkjent, men kva med kvinnene? Likestilling dreier seg ikkje berre om å gje kvinner dei same rettane som menn, men også det same ansvaret. Ida Rydning og Nora Steenberg tek kvinner på alvor med boka si, og dei syner kva kvinner også er ansvarlege for gjennom historia.

Dei elleve ulike døma på sterke kvinner som har prega totalitær politikk, er tettskrivne, biografisk og spennande lesnad, men omgrepa forfattarane nyttar, burde vore drøfta meir.

Bård Larsen i Civita har skrive ein del om skilnaden på eit totalitært og eit autoritært styresett. I totalitære samfunn er det knapt noko som ikkje vert kontrollert eller overvaka av staten. Han skriv at ikkje alle diktatur er totalitære. Derimot er alle totalitære statar diktatur.

Etter mi meining er det liten tvil om at Donald Trump dreg USA i ein autoritær retning, men USA er svært langt frå totalitært. Nord-Korea er totalitært. Rydning og Steenberg skriv mykje om trekk med kvinnene som kan tolkast som totalitære, men det manglar ei drøfting om kva som er autoritært og kva som er totalitært.

DDR

I innleiinga til teksten om Margot Honecker vert regimet i DDR omtalt som «autoritært», og at det «dominerte alle aspekter ved samfunnet.» Det siste er ei rett skildring av DDR, men regimet burde òg vore omtalt som totalitært. DDR var ikkje særleg valdeleg, men det var på mange måtar totalitært fordi overvakinga var så total.

Staten var overalt – sjølv i familiar var det liten grunn til å ha tillit.

Skildringa av Honecker er detaljert og spennande. I etterordet vert det drøfta om ho og dei andre kvinnene kan ha vore ekstra forhatte fordi dei var kvinner. Det er eg usikker på. I tilfelle Honecker trur eg hatet kan ha komme av det spesifikt totalitære. Honecker var eit symbol på – og ansvarleg for – kor tett staten kunne plaga folk i DDR.

Det var inga inste grind i DDR – knapt nokon individuell fridom. DDR var mykje verre enn mange trur. Til dømes er det forfattarane skriv om tvangsadopsjon i DDR, skakande.

I kampen for å bevara demokrati kan mangel på presise omgrep skapa støy, slik at demokratiske krefter tapar terreng. Eg trur det er rett av forfattarane å skriva at desse kvinnene støtta totalitære ideologiar, og ofte hadde totalitære mål, men det ville vore meir rett å kalla sjølve kvinnene for autoritære, radikale eller ekstreme.

Ingen moralisme

På sitt beste er boka svært lite moraliserande. Det er frigjerande at forfattarane tek det for gjeve at det er ekstremt og autoritært å støtta Lenin og revolusjonen i Russland i 1917, slik den kompromisslause Aleksandra Kollontaj gjorde. Kollontaj var revolusjonær og til tider meir radikal enn Lenin, men ho arbeide også for fred og rettar til kvinner.

Eg vert i tvil om det er rett å kalla Kollontaj totalitær, men at ho var utvilsamt radikal, og ikkje framand for revolusjonære metodar, vald eller støtta totalitær politikk, er nok rett.

Tittelen på boka er samstundes noko einsidig, etter mi meining. Det er mange politikarar i historia som har arbeid i det gode si teneste, ja, også i demokratiske parti, men som har autoritære trekk. Mange vil dessutan oppfatta særleg draumen om – og arbeid for eit sosialistisk samfunn – som eit ynskje om å tene det gode. Alle er ikkje samde i at desse kvinnene arbeide i det vonde si teneste.

Samstundes er det rett å kalla totalitær ideologi for noko vondt, sjølv om intensjonane kan ha vore gode. Forfattarane freistar ikkje å bortforklara vondskapen. Det er ein styrke ved boka. I det ondes tjeneste kan gje nya lesarar innsikt i kva totalitær ideologi er, frå nye vinklar. Derfor er denne boka viktig.

Totalitære feministar

Korleis kan kvinner støtta ideologi som held kvinner nede? I etterordet skriv forfattarane at ingen av kvinnene definerte seg som feministar. Det er nok rett, men samstundes var til dømes Kollontaj overtyd om at det klasselause samfunn var naudsynt for fridom til kvinner.

Suffragetta Norah Elam kjempa for stemmerett til kvinner, men var òg rasist og fascist. At sterke kvinner støtta totalitære ideologiar med patriarkalske syn på kvinner, er paradoksalt. Men for å forstå kvifor meiner eg det er naudsynt å hugsa på at kvinnene kan ha hatt fleire mål samstundes. Den norske antisemitten Halldis Neegaard Østby var ein fæl jødehatar, men kjempa også for kvinner si stilling i skisporten.

Sjølv i Nasjonal Samlings program fekk Østby inn ein paragraf om «Politisk, rettslig og yrkesmessig likestilling mellom mann og kvinne».

Her er boka igjen god fordi ho er så lite moraliserande. Dei autoritære kvinnene er skildra som samansette menneske, og ein forstår litt meir av ulike grunnar til kvifor nokre av oss finn på å støtta det totalitære.

Teksten er publisert i Minerva nr. 2/2026.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
[email protected]
Civita logo