Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
Meld deg på nyhetsbrevet

Studentane bør betala for seg

Det er i handverkaren og samfunnet si interesse at fellesskapen framleis i høg grad finansierer studium, men det er rimeleg at studentane betalar ein skjerv sjølv òg. Lars Kolbeinstveit i Dag og tid.

Lars Kolbeinstveit

Publisert: 6. mai 2018

«Samfunnet må tole at unge prøver og feilar før dei finn ut kva dei skal studere», sa forskar ved Universitetet i Oslo, Elisabeth Hovdhaugen til Dag og Tid 27. april.

Hovdhagen hevdar at det er ein fordel med fleksibilitet i utdanningssystemet i Noreg. Det er eg samd i, men det er ikkje dermed ein sjølvsagd rett at alle andre skal vera dei som betalar for det.Det er fullt mogleg å ha eit fleksibelt utdanningssystem der studentane kan veksla mellom studieretningar samstundes som studentane må betala ei avgift for å studera. At norske studentar studerer så lenge, er ikkje berre negativt for samfunnet, men det har ein høg pris. Det er langt frå sikkert at det er rett bruk av ressursar at det er gratis å studera.Som saka til Dag og Tidjournalist Ronny Spaans syner, har det fleire negative fylgjer. Professor i økonomisk historie ved Universitetet i Oslo, Einar Lie, som vart intervjua i saka, peika på at studentane kjem seint ut i arbeid, og at det er negativt for produktiviteten i samfunnet. Lie nemner også at fråfall forringar kvaliteten på studia.

Både Lie og Hovdhaugen er uroa for det høge fråfallet. Lie peikar på at den langstrekte studiefinansieringa og alderspoeng verkar negativt. Hovdhaugen nemnde at tettare evaluering av studentane kunne hindra fråfall. Begge kan ha gode poeng, men skal me framleis ha fleksibilitet, og ikkje skapa unødige hinder for studentane, til dømes meir administrasjon, er studieavgift ei betre løysning.

I Civita har me gitt ut fleire notat med argument for ei moderat studieavgift. Så lenge Lånekassen gjev lån og stipend til å betala avgifta, treng det ikkje vera til hinder for sosial mobilitet. Det er ikkje rett at det er gratisprinsippet som sikrar lik rett til høgare utdanning i Noreg. Dessutan er det urimeleg at studentar, som jamt over kjem frå gode kår og tener godt når dei kjem i arbeid, skal få gratis utdanning.

Kollegaen min, Mats Kirkebirkeland, har vist at det er relativt stor ulikskap i bakgrunnen til dei som tek høgare utdanning, og dei som ikkje gjer det. Det vert ofte nytta som eit argument mot studieavgift. Men det er meir rett å bruka det som eit argument for det motsette. Spaans intervjua i saka si Jan Øyvind Grung Sture, som har master frå musikkhøgskulen, og som vil ta ein ny grad. Det er ikkje sikkert det er i andre si interesse at Sture også får dette gratis.

Ein handverkar ynskjer kan hende meir av noko anna frå det offentlege, eller lågare skatt. Det er i handverkaren og samfunnet si interesse at fellesskapen framleis i høg grad finansierer studium, men det er rimeleg at studentane betalar ein skjerv sjølv òg.

Innlegget er på trykk i Dag og tid 4.5.18. Se også:

https://www.civita.no/publikasjon/nr-16-2016-egenandeler-i-hoyere-utdanning

Publisert: 6. mai 2018
Høyere utdanning Studieavgift
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

utdanning
Mats Kirkebirkeland

Dansk høyere utdanning oversubsidieres. Det samme gjelder for norsk høyere utdanning.

Mitt forslag er å innføre en moderat egenandel eller studieavgift for å motvirke dette. Dette er også ett av flere forslag i Cepos-notatet.
Høyere utdanningUtdanning og forskning
Mats Kirkebirkeland

«Unge» ordinære studenter bør vike for «eldre» studenter

Om stadig flere av oss skal studere, også i voksen alder, trenger vi en ny måte å tenke finansiering på.
Høyere utdanningØkonomiUtdanning og forskning
Mats Kirkebirkeland

«Sentraliserings-spøkelset»

Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV gikk til valg på et mer desentralisert høyere utdanningssystem. Men har det være en sentralisering innen høyere utdanning i Norge de siste årene?
Høyere utdanningUtdanning og forskning

Hello world!

Uncategorized
Gard Løken Frøvoll

Ja til valg­mu­lig­heter i studie­støtten

Studentene står neppe fremst i køen for nye store bevilgninger. Politikerne og studentene selv bør derfor gå inn for muligheten for økt lån.
Høyere utdanningUtdanning og forskning
Jan Erik Grindheim

På tide å gjenreise læreboka?

Jan Erik Grindheim i Dag og Tid.
Høyere utdanningUtdanning og forskning

Nyhetsbrev og invitasjoner

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
civita@civita.no
Civita logo