Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
Meld deg på nyhetsbrevet

Flytteoptimisme

Det er faktisk alle arbeidstakarar, det private næringslivet og bedriftene, også på stadene som ikkje får nye arbeidsplassar, som må ta rekninga for flyttepolitikken. Då bør vi ha litt meir enn glad optimisme som grunngjeving for at det vi gjer, faktisk verkar, svarer Anne Siri Koksrud Bekkelund.

Anne Siri Koksrud Bekkelund

Publisert: 10. juli 2017

Eg håper sjølvsagt Sveinung Rotevatn får rett – at flyttinga av Fredskorpset og dei andre statleg finansierte arbeidsplassane som Venstre går inn for, blir ein kjempesuksess.

Det er ikkje intensjonen det er noko gale med. Det høyrest jo tilforlateleg smart ut – å flytte statleg verksemd til mindre stader med lågare husleigekostnadar og lågare lønnsnivå, og attpåtil få hyggelege ringverknader i form av ein meir attraktiv arbeidsmarknad på mindre stader.

Problemet er berre at dette ikkje er røynsla frå tidlegare flytting. Det er ikkje noko eg grunngjev med Civita sine «lettvinte analysar», men er henta frå evalueringa regjeringa sjølv bestilte av flytteprosessane på 2000-talet. Rotevatn skriv at det har «gått seg til» etter denne evalueringa, og det er jo i så fall fint, om det stemmer. Eg ser gjerne dei undersøkingane Rotevatn viser til, som underbyggjer dette, for det vil jo være nyttig lærdom til denne flytterunden.

Men sjølv om det «går seg til» – er det verkeleg verdt det?

For det første: Sjølv etter dei mest vellykka flytteoperasjonane, som Konkurransetilsynet til Bergen, tek det mange år før verksemda er i omtrent like god stand som før flyttinga. Altså må alle i heile landet akseptere at den viktige verksemda tilsynet utfører, har redusert kvalitet i mange år. Denne kostnaden må også reknast med i den samfunnsøkonomiske rekneskapen.

For det andre: Kostnadane for sjølve flyttinga åleine kan altså kome opp i milliardar, om ein verkeleg skal flytte nokre tusen arbeidsplassar. Kva kunne ein elles oppnådd for denne summen? Er det utgreidd?

For det tredje: Kva om vi skal oppfylle regjeringa og Venstre sin eigen politikk om å effektivisere og redusere byråkratiet? Er det då eigentleg så smart at verksemdene er etablert på dei minste stadene? Eller er det ein fare for at det blir vanskelegare å gjennomføre ein seinare reduksjon i byråkratiet, om desse stillingane utgjer ein viktig del av arbeidsmarknaden på ein mindre plass?

For det fjerde: Er det ikkje også ein viss fare for at statlege arbeidsplassar for høgt utdanna også kan redusere veksten? Kva om byråkratstillingane opptek høgt kompetent arbeidskraft som kunne vore brukt i verdiskapande arbeid?

Dette handlar sjølvsagt ikkje om at det er synd på Oslo, eller at eg er redd for distrikta. Eg er meir enn gjerne med på at Oslo-byråkratiet blir krympa, og eg veit at det blir drive verksemd med høge kompetansekrav på dei minste og mest utilgjengelege stader i dette landet. Dette handlar derimot om korleis vi forvaltar skattebetalarane sine pengar. For det er faktisk alle arbeidstakarar, det private næringslivet og bedriftene, også på stadene som ikkje får nye arbeidsplassar, som må ta rekninga for flyttepolitikken. Då bør vi ha litt meir enn glad optimisme som grunngjeving for at det vi gjer, faktisk verkar.

Innlegget er på trykk i Firda 8.7.17.

Publisert: 10. juli 2017
Distriktspolitikk Statlig utflytting
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Hello world!

Uncategorized
Lars Kolbeinstveit

Integrering på speed

Velferdsordninger er til for mer enn integrering. Shazia Majid er for enøyd i synet på kontantstøtten.
Uncategorized
Mats Kirkebirkeland

Nivåinndeling og kjønnsforskjeller i skolen

Forskningen på nivåinndeling er mer nyansert enn Utdanningsforbundet gir inntrykk av. Høyres forslag om «forsøk med nivåinndeling i ulike klasserom» kan tette viktige kunnskapshull.
Uncategorized
Aslak Versto Storsletten

Suksessoppskriften som blir misforstått

Politikere fra Rødt sminker historien for å selge inn sine reaksjonære forestillinger.
Uncategorized
Aslak Versto Storsletten

Statsaktivisme på nye veier

Hvor mye de nye statlige engasjementene og selskapene skal koste, er høyst uklart. Det kan bli kostbart for norske skattebetalere, samtidig som det kanskje ikke gir noen reell gevinst i form av arbeidsplasser og verdiskaping – slik som fort skjer når bedrifter ikke trenger å bestå markedets seleksjonsprosess.
Uncategorized
Hege MoenMathilde Fasting

Økt sysselsetting krever nytenkning

Vi trenger helt nye ideer og innfallsvinkler til hvordan vi på tvers av fagfelt og sektorer kan stimulere til økt sysselsetting, skriver Mathilde Fasting, Hege Moen og Laila Khateeb Wallin i Aftenposten.
Uncategorized

Nyhetsbrev og invitasjoner

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
civita@civita.no
Civita logo