Taraku, Sylo: Balkanisering av Europa: Hvordan populisme og innvandring splitter oss

Taraku har skriv ei god bakgrunnsbok. På ein innsiktsfull måte løftar han opp problemstillingar vi alle må ta tak i. Men boka kjem nok ikkje til å skapa debatt.

Publisert: 12. juni 2019

Res Publica, 2018. 312 sider.

Teksten er skrevet av Jan Erik Grindheim, prosjektleder i Civita.

Sameinte i ulikskap?

Om korkje nasjonalstatlege eller overstatlege organ taklar grenseoverskridande kriser, må me presse på for ein betre internasjonal politikk.

Medan Europa ser ut til å verta balkanisert, er Balkan i ferd med å verta europisert. Slik skriv Sylo Taraku om dagens Europa og samarbeidet i EU, i ei fascinerande forteljing om korleis ein flyktning til Noreg i 1990-åra omfamna vona om at meir internasjonalt samarbeid skulle skape ei fredelegare og betre verd. Han kom frå Kosovo – ein stat som voks fram frå ein stat som forsvann – som flyktning frå det han sjølv kallar eit mislukka multietnisk samfunn.

Balkaniseringen av Europa er ikkje ein pamflett eller ei debattbok, men ei brei innføring i nokre av utfordringane dei europeiske landa og EU i dag opplever, med auka innvandring og folkeleg skepsis til eit meir fleirkulturelt samfunn. Taraku veit kva han skriv om, og han skriv godt, men han burde hatt klarare meiningar om kva som må gjerast for at Europa og det politiske samarbeidet i EU ikkje skal fragmenterast og polariserast i ein destabiliserande prosess Taraku kallar balkanisering.

Taraku er utdanna i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og arbeider i dag som rådgjevar i tankesmia Agenda, men har tidlegare òg vore knytt til Civita. Han vart kjend i norsk politisk debatt for den førre boka si, Innvandringsrealisme, og han har vore det han sjølv kallar ei realistisk røyst i ein sosialliberal norsk innvandringsdebatt.

Eg er viss på at Taraku kjem til å verta invitert til mange arrangement framover, for å fortelja korleis han med røynsle frå dei opprivande konfliktane på Balkan opplever Europa i dag: om han trur dei populistiske partia vil halde fram med å gå fram, om nasjonalismen vil vekse seg sterkare og om fleire land vil ynskje exit frå EU. Men det er ikkje desse spørsmåla eg finn mest interessante med boka. Eg tykkjer dei rasjonelle vitskaplege diskusjonane han dreg opp, er langt meir spanande, for her er han meir original enn andre.

Tarakus mantra er at om korkje nasjonalstatlege eller overstatlege organ taklar grenseoverskridande kriser og utfordringar, må me presse på for ein betre internasjonal politikk. Her skil han seg frå mykje annan argumentasjon om korleis me skal møte dei store utfordringane i vår tid, ved at han syner ei sterk tru på internasjonalt samarbeid.

Men han er ikkje ukritisk til organisasjonane og institusjonane han trur kan betre verda me lever i. Særleg ikkje til EU, som han verkeleg trur på, men som ofte kjem til kort når det verkeleg gjeld.

Det er ikkje vanskeleg å være samd i dette, men eg er ikkje einig i at kvar gong noko går gale i EU, som til dømes då det kom ein million immigrantar til Europa i 2015, er det EU sjølv som har skulda. Korkje i denne saka eller til dømes i samband med finanskrisa som velta innover Europa for ti år sidan, var det EU som svikta, men dei einskilde medlemsstatane og politikarane deira.

Her kunne Taraku ha vore meir nyansert, slik han er når han skriv om rettsleggjeringa av politikken meir allment og korleis omsynet til dei universelle menneskerettane i internasjonal politikk oftast må vike for den folkerettslege suvereniteten til einskildstatane.

Nokre av dei beste og mest klargjerande diskusjonane kjem nett her, når Taraku tek for seg dei humanitære intervensjonane dei siste åra, med utgangspunkt i hendingane i heimlandet Kosovo tidleg på 1990-talet. Sitt eige standpunkt i denne saka får han fram når han siterer tidlegare generalsekretær Kofi Annan, som etter Kosovo-krigen stilte fylgjande spørsmål til generalforsamlinga i FN: Om humanitær intervensjon er i strid med suverenitetsprinsippet, korleis skal me reagere på brot mot menneske?

Noko eintydig svar på dette spørsmålet finst ikkje, men Taraku meiner at den liberale ordenen som i fyrste rekkje USA etablerte etter andre verdskrigen, ikkje berre har verna minoritetar mot undertrykking og folkemord; han har òg verna småstatar mot stormakter som tek seg til rette på tvers av internasjonale verdiar og normer.

Taraku har skriv ei god bakgrunnsbok. På ein innsiktsfull måte løftar han opp problemstillingar vi alle må ta tak i. Eg kunne ha tenkt med å setja Balkaniseringen av Europapå pensum i samfunnsfag og historie. Men boka kjem nok ikkje til å skapa debatt. Til det manglar ho klare synspunkt på kva utfordringane migrasjonen skaper for Europa.

Artikkelen er på trykk i Dag og tid 11.5.18. Se også:

https://www.civita.no/publikasjon/demokrati-i-trobbel