Hatterud, Bjørn: Mjøsa rundt med mor: Ei livsreise

Utan fridom og kjærleik kjem ein ikkje så langt med verken kulturell kapital eller velferdsstat.

Publisert: 8. juni 2020

Samlaget, 2020. 221 sider.

Teksten er skrevet av Lars Kolbeinstveit, filosof i Civita.

Kjærleikens klassereise

Bjørn Hatterud (f. 1977) er frå Veldre i Brumunddal og er busett i Oslo. Han er kunstkritikar, kulturskribent kurator og musikar. Han har mellom anna skreve i, og vorte intervjua av Minerva før. No har han gitt ut ny bok: Mjøsa rundt med mor: Ei livsreise.

Han skriv om livet sitt og korleis bakgrunnen pregar han. Hatterud er dårleg i rygg og bein. Som funksjonshemma og homofil vert han mobba då han var ung. Det er vanskeleg å førestilla seg korleis det er å veksa opp i ei lita bygd med slike føresetnader. I boka skal Hatterud køyra rundt Mjøsa med mor si – dei kjem seint i gang med turen. Hatterud har mykje å fortelja og han skriv godt om tvisyn til og sympati med bygde-Noreg. Hatterud vil visa kor trong bygdekulturen kan vera utan å pissa på han, og det gjer han med stort truverd. Hatterud snobbar ikkje nedover når han skriv fint om Ole Ivars – det er snarare folk med Tesla, kondomdress og sans for kortreist mat Hatterud foraktar.

Eg likar prosjektet til Hatterud – han er lite politisk farga og fridom står sentralt. Til dømes skriv han at det viktigaste med godtaking av homofile er at «vi endeleg kan velje bort å gifte oss, eller nekte å skaffe oss ungar.» Fridom til å ikkje velja det heteronormative og konforme, med andre ord.

Konform i rullestol

Hatterud meiner me må forma samfunnet slik at folk i rullestol er fullverdige medlemmar. Men kva tyder det? Hatterud sitt mål er velferdsauke, slik at ingen skal verta redde for å hamna i rullestol, men det er eit grenselaust og urealistisk mål. Det kan bli svært dyrt, og me gjer mykje allereie. Folk vil alltid vera redde for sjukdom og funksjonshemming. Velferdssamfunnet bør sjølvsagt legga til rette, men det må vera grenser.

Hatterud skriv at han er kvalifisert for å vera ufør av fysiske grunnar, men at trygdeutbetalingane er mykje mindre på grunn av alt arbeidet han gjer som skribent, kurator og kunstnar. Det meiner eg er rettvist og inkluderande. Det er eit lite paradoks at Hatterud meiner skulen han gjekk på gjorde eit mistak når dei tvinga han til å delta i skirenn. Hatterud og mora protesterte, med rette, mot trong likskap. Dei meinte han kunne vore tidtakar eller halda ein tale på skirenna – han kunna brukt talenta sine. Eg er samd, men folk med funksjonshemningar bør møtast som likeverdige, så langt som råd er, også i arbeidslivet. Ein professor som sit i rullestol er ikkje 100 prosent ufør. Eg trur likevel Hatterud ikkje er serleg usamd med meg i dette, men dei små politiske stikka ligg rett under dei meir deskriptive formuleringane. Manglande drøfting gjer det litt uklart kva Hatterud eigentleg meiner.

Konforme og frie val

Dei ufrie og konforme er ofte dei andre. Dei vala me menneske ikkje kjenner oss att i, har me ein tendens til å stempla som ufrie. Hatterud protesterer mot slike tendensar. Han protesterer særleg mot korleis ulike klassar dømmer andre klassar sine val. Det er jo dette som så ofte står i vegen for klassereisa, til trass for at velferdssamfunnet og gratis utdanning i teorien gir alle like moglegheiter. Hatterud er ikkje ein høgt utdanna kulturperson med forakt for det lågkulturelle. Det er samstundes påfallande at også Hatterud ikkje klarer å la vera å dømma val han sjølv ikkje tek: «Vi lønner fantasilaus konformitet med digre hytter og dyre bilar frå den ariske støypeforma i Bærum.»

Eg vil heller ikkje ha Tesla eller kondomdress, men dei som tek slike val er ikkje mindre frie enn oss som går med fjellski og Ludvigsekk. Kritikken til Hatterud er likevel ikkje berre feil. For poenget er at dei han kritiserer har makt og kapital. Viss forestillinger om kva som skal til for å lukkast økonomisk vert for snevert definert og prega av sterkt konformitetspress, kan det hindra sosial mobilitet.

Kjærleik mot konformitet

Mora til Hatterud er framifrå. Hatterud skriv særs godt om korleis det å ha kulturell (bygde-)bakgrunn har mykje å seia for ei klassereise. Men ein kan komma langt med kjærleik. Kjærleiken foreldra til Hatterud viser han er svært sterk. Dei vil hjelpa Bjørn.

Me snakkar i våre dagar om curlinggenerasjonen, og at ungane våre får det for lett fordi med kostar vekk alle hindre dei treff på. Men mange ungar slit også. Dei møter veggen av meir eller mindre gode grunnar. Foreldre som klagar over at ungane ikkje nyttar talenta sine har kan hende litt rett i sak, men det skortar av og til på kjærleik. Det er nok ikkje manglande vilje til kjærleik, men foreldre som ikkje evner å sjå ungane sine og kva dei sjølve vil, manglar evna til å vise kjærleik. Dei kostar ikkje framføre for at ungane skal få til det dei vil, men den vegen dei ventar ungdomen skal gå.

Hatterud sine foreldre har freista å kosta rett veg. Evna til å visa kjærleik har utan tvil hatt mykje å seia for korleis ein funksjonshemma, homofil bygdegut har klart seg. Spesielt mora til Hatterud sett fridom høgt og ho trassar forventningar. Då familien forventa at dei skulle kjøpa ein gard, så vert det ikkje slik – til trass for at eigen gard var eit teikn på fridom og tryggleik i norske bygder.

Ferja over Mjøsa

Det er forskjell på vest, sør, aust og nord i Noreg. Men mykje er også likt. Hatterud si bok visar oss vestlendingar at innlandet i Noreg også har nøysam protestantisme, arbeidsmoral, skam og minne om gamle ferjekøar.

Boka til Hatterud er svært god å lesa. Ho viser kor mykje kjærleik og litt trass kan ha å seia for at ein skal verta fri.

Teksten er publisert hos Minerva 7.6.20. Se også:

Frihet