Eikemo, Marit: Gratis og uforpliktende verdivurdering

Kan hende det er slik Andreas tenkjer til slutt? Kjærleiken er ikkje berre eit barn av fridomen – den held ut alt, slik det står skrive.

Publisert: 12. juni 2019

Samlaget, 2018. 220 sider.

Teksten er skrevet av Lars Kolbeinstveit, filosof i Civita.

Gratis og uforpliktande individualisme

Hovudpersonen i Marit Eikemo si siste bok er høgt utdanna SV-ar. Trass dette er ho ein hjelpelaus individualist.

Eg har ikkje lese noka bok av Marit Eikemo før. Eg trur eg må lesa fleire, for hennar siste bok, Gratis og uforpliktande verdivurdering, er ei god bok. Eg sit på eit vis att med den same fæle mørke kjensla, som etter eg hadde etter å ha lese Fugletribunalet av Agnes Ravatn. Det er ei heilt anna bok, men kjensla av at det er noko galent på gong er lik, men ikkje berre det. Ein usunn individualisme pregar båe bøkene, og då særleg  Eikemo si.

Grenselaus individualisme

Gratis og uforpliktande verdivurdering handlar om paret Andreas og Hanne, og deira to born. Andreas er naiv og set ikkje grenser for sin eigen fridom, men det konfontrerar ikkje Hanne han med på eit skikkeleg vis. Ho svarar berre med ein endå verre individualisme.

Hanne vil mykje. Ho har svære draumar som er ganske så materialistiske. Hus med hage vil ho ha. Ho vil bu i Lerkevegen 41, og flytte frå leilegheita med mannen og dei to ungane, som begge går i barnehage. Det vil verta bra for ungane, mellom anna fordi strøket er bra. Ho legitimerer draumen heilt i starten av boka med at «Innbyggarane stemmer SV (…) Dei tenkjer ikkje berre på seg sjølve her ute!»  Det kan jo virka sympatisk nok, men Hanne representerer ikkje den jamne SV-ar. For det dreier seg stor sett om Hanne sjølv i Hanne sitt liv. Ikkje ein gong er ho konkret engasjert i den fellesskapen som småbarnsfamiliar normalt bryr seg med; ny sklie på den lokale leikeplassen eller den nye guten  i barnehagen til dottera til dømes. Det går i prospekt og å googla paret som vann bodrunden på det førre huset dei ville ha, men som dei ikkje hadde råd til å kjøpa.

SV-ar med angst for offentleg velferd

Å drøyma om ting  ein ikkje har råd til er heilt naturleg. Dess fattigare du er, dess meir forståeleg er det, men om du ikkje er direkte fattig er det avgrensa kor solidarisk det er å bruka for mykje tid på å drøyma om eit endå større hus, fleire designmøblar, hytter og storbyferiar. Hanne syter til og med over den fellesskapen SV forsvarar sterkast: den offentlege.  Helsestasjonane, som skal verna den nyfødde og foreldra, gav ho berre angst. Ho saknar storfamilie og nære vener med born på same alder – sivilsamfunnet altså. Skulle tru ho var konservativ, men det kan eg vel ikkje skriva – då kjem litteraturmeldaren i Klassekampen, Eivind Myklebust, til å skriva at eg driv med kulturell appropriasjon igjen.

Civita og fridomen

Me som har arbeidd i Civita snakkar ganske mykje om individuell fridom. Men kva er fridom? Liberale snakkar ofte om respekt for individuell fridom og fråvær av grenser. De gløymer at menneska er sosiale vesen, svarar venstresida.  Men me på høgresida snakkar politikk når me snakkar om fridom frå grenser. Me snakkar ikkje om fridom frå grenser i nære relasjonar og familiar. Det kan sjølvsagt vera viktig der òg, men negativ fridom har avgrensa meining i nære relasjonar. Det er eit poeng eg har frå  kollegaen min Lars Fr. Svensen. Han har også sagd at ein feil hos dei venstreradikale 68-erane er at dei ikkje forstår kvifor negativ fridom – fridom frå grenser, frå statleg detaljstyring, er naudsynt for hindra eit autoritært styresett. Samstundes tyt den grenselause fridomen ut i det private, og i dei nære relasjonane.

 Generasjonen som ikkje vil verta vaksen

Hanne og Andreas er eit høgt utdanna venstreliberalt par som vil for mykje, og som manglar innsikt i realitetane i livet, særleg i familielivet. Dei vil leva som om dei er i 20-åra sjølv om dei har passert 30. Dei vil bu sentralt uansett kor dyrt det er, og dei meiner at humaniorautdanna er for lågt løna samstundes som dei elskar storbyferiar og design. Dei er for lite konservative i tydinga orientert mot røynda og derfor slit dei. Det er ikkje det at dei er opptatt av likestilling i seg sjølv som er problemet, men kva dei legg i det, og at dei nærast skal ha alt anna i tillegg.

Kulturradikalismen har hatt ein del føre seg i kamp mot meir autoritære og patriarkalske konvensjonar, men pendelen har gått for langt dersom fridom ikkje heng saman med ansvar for eigne val. I nære relasjonar har ein ikkje berre ansvar for seg sjølv og eigne val. Dine val har konsekvensar for andre og det er også ditt eige ansvar. Å danna ein familie er eit felles ansvar. Å danna ein familie med ungar, arbeid og ein heim er noko dei fleste unge menneske drøymer om. Det er heilt naturleg, men kor stor heim og familie du vil ha er ramma inn av realitetane: den biologiske klokka og økonomi. Hanne og Andreas har to ungar, men for Hanne held ikkje det. Ho ønskjer seg større heim, slik at ungane kan få einerom. Heilt legitime draumar, men dei heng ikkje heilt saman med andre val og draumar –  til dømes studievalet, eller valet av Andreas.

Karriere og biologi

Andreas og Hanne fekk barn seint i livet fordi Andreas hadde heilt andre planar: Karriereplanar. At fedrar har karriereplanar treng ikkje stå i vegen for at kona vert gravid, men slik tenkjer ikkje moderne likestilte par. Det er sympatisk nok, eg er personleg langt på veg samd, men den biologiske klokka går sjølv om paret er likestilt. Det er også eit omsyn moderne fedrar må ta. Me kan ikkje berre seia at me ska skifta bleier på babyane. Det viktigaste er å vera villige til å laga ungane når det er mogleg med ho som vil ha ungar med deg der og då. Andreas forstår ikkje det og han klarer ikkje balansera vala sine: Hanne seier han manglar vilje til å gå framover. Ho tek både rett og feil samstundes. Ho krev for mykje, samstundes som Andreas faktisk er treig, for han bit over for mykje på ein gong og dermed får han knapt gjort noko.

Harde krav

Eikemo skildrar eit stort paradoks med vår tid. Generelt tenkjer eg folk tyt for mykje om at det er for mange krav i vår tid, samanlikna med tidlegare tider. Det er ikkje sant; ikkje litt ein gong. Me har betre økonomi enn nokon annan generasjon på jorda. Velferdsstaten stapper oss full med alt frå gratis mastergrad i sosialantropologi til foreldrepermisjon og sykkelvegar. Religionen har missa nesten all autoritet. Ingen har rett til å dømma vala dine.

Fridomen kan vera einsam

Fridomen er enorm, men samstundes kjem me ikkje unna at med individuelle val følgjer konsekvensar og ansvar.  Det er tyngande, men det er ikkje berre ytre krav som plagar oss. Det å vera individualist på ein god måte er ikkje enkelt, og det kan vera einsamt.  Det var ikkje lett å stå aleine om noko før i tida. Autoritetar dømde deg hardt – prestar og bygdedyr. Men det å stå åleine kan framleis vera tøft – for menneska treng ikkje berre fridom frå autoritet, det treng også å verta godtekne i sunne nære fellesskap. Hegel meinte sunn individull fridom byggjer på gjensidig godtaking, altså noko sosialt. Det er desse fellesskapane konservative ofte fryktar at kulturradikale ikkje ser verdien av når dei riv ned autoritetar. Dei heller barnet ut med badevatnet.

Kjærleik, sanning og løgn

Eit trygt individ evnar også å bryta ut av ein relasjon når det vil det. Kjærleik er eit barn av fridomen, heiter det i ei gamal fransk vise, som Erich Fromm siterer i si mest kjende bok Om kjærleik frå 1956. Å bryta ut av eit forhold kan vera vanskeleg når valet er individuelt. Det står ofte respekt av slike val. For alternativet er kan henda at ein står i relasjonen fordi ein verken våger det eine eller det andre. Ein anerkjenner verken seg sjølv eller partneren og sit dermed fast i sin eigen utrygge individualitet. Hanne er ein slik utrygg individualist og det heng med som noko mørkt og uforløyst gjennom heile boka.

Men den som vert verande er ikkje alltid utrygg. Eikemo skriv om kva sanning og løgn medmenneske kan leva med. Her er me ulike, og det kjem an på mykje. Den som toler ei løgn er ikkje naudsynleg redd for å bryta ut eller stå åleine. Han kan tvert imot vera trygg på at alternativet kan vera verre. Han tek andre omsyn. Kan hende det er slik Andreas tenkjer til slutt? Kjærleiken er ikkje berre eit barn av fridomen – den held ut alt, slik det står skrive.

Artikkelen er publisert hos Minerva 25.4.18. Se også:

Filosofen: Individualisme og konservatisme