Skip to main content
  • Personer
  • Publikasjoner
  • Arrangementer, kurs og seminarer
Civita
Seksjoner
  • Demokrati og rettigheter
  • Ideer
  • Økonomi
  • Politikk og samfunn
Om oss
  • Om Civita
  • Personer
  • Civita i media
  • Personvernerklæring
  • Kontakt oss
Innhold
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • Notater
  • Rapporter
  • Bøker
  • Podcaster
  • Clemets blogg
  • Politisk ordbok
  • Politisk bokhylle
Meld deg på nyhetsbrevet
Økonomi

Fri rørsle er eit gode, Tajik!

«Eg vonar at ikkje Arbeidarpartiet no vil surfe på dei nasjonalkonservative bølgjene i Europa», skriver Jan Erik Grindheim.

Jan Erik Grindheim

Publisert: 12. oktober 2017

«Vi kan ikkje overlate til ytste venstre å vere dei einaste som er kritiske til konsekvensane av fri flyt av arbeidskraft», seier Arbeidarpartiets nestleiar Hadia Tajik til Klassekampen 4. oktober. Ho meiner sjølv at ho står for «ei ganske restriktiv line i innvandringspolitikken» og no vil ho at partiet hennar skal ta tak i debatten og gjere ei tydeleg kursendring.

Eg vonar at ikkje Arbeidarpartiet no vil surfe på dei nasjonalkonservative bølgjene i Europa. Særleg fordi gullåra for det europeiske sosialdemokratiet på 1990-talet, som Tajik syner til, nettopp var prega av det motsette. Då var dei sosialdemokratiske partia i djerve nok til å tala positivt om dei fire fridomane i EUs indre marknad, fri rørsle av menneskje, varer, teneste og kapital. På slutten av dette tiåret hadde 13 av EUs 15 medlemsstatar sosialdemokratiske regjeringar.

Fri rørsle av arbeidskraft har vore eit gode for Europa. Ikkje berre for arbeidsgjevarane, som har nytt godt av ein friare konkurranse om arbeidarar frå fleire land, men òg for millionar av arbeidstakarar. Dei har kunne søkje seg til land med høgare lønsnivå og betre regulerte arbeidsmarknader enn i heimlandet, og sende pengar og kunnskap heim for å betre vilkåra i eige land.

Visst er det ei stor utfordring at aktive arbeidsfolk dreg frå land som treng dei sårt – såkalla «brain drain» – men det er òg mange land, og lokalsamfunn som har opplevd ein «brain gain» gjennom dei som har drege og reist heim att.

Visst er det òg ei stor utfordring å sikre gode arbeidstilhøve og sosiale standardar for den einskilde i ein større arbeidsmarknad, men det finst alltid løysingar. I sum er dei negative sidene for arbeidstakarane langt færre enn dei positive i EUs indre marknad. Dessutan må det vel vere ein viktig rett for ein arbeidstakar å kunne tilby eiga arbeidskraft kor ein måtte ynskje det?

EØS-borgarar som kjem til Noreg for å arbeide er ikkje innvandrarar, men arbeidarar i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet – EØS. Dei har same rettar som norske arbeidarar og skal ikkje handsamast som B-borgarar i møte med norske arbeidstakarar. Me lever i ei tid kor me treng politikarar som våger å opne grensene mellom dei europeiske landa. Berre slik kan den ufattelege veksten i vår velferd gjennom 25 åra med EØS-avtalen si frie rørsle kunne fortsette og gje stadig fleire arbeidstakarar betre rettar og eit betre liv.

Innlegget er på trykk i Klassekampen 11.10.17.

Publisert: 12. oktober 2017
Arbeidsinnvandring EØS EU Innvandring Migrasjon
Del på: Del link Del på twitter Del på facebook

Relatert

Mats Kirkebirkeland

Trønderne er dårligst i klassen

Trønder Energi og Nord-Trøndelag Elektrisitetsnettverk (NTE) har lavest utbytteandel blant landets største kraftselskaper.
Offentlig eierskapØkonomi
Hånd som åpner dør til møterom
Kristin Clemet

Mer åpenhet fører ikke alltid til mer demokrati

Gir åpne møter og søkerlister alltid de resultatene vi håper på?
Offentlig eierskapDemokrati og rettigheter
Kristin Clemet

Osloskolen – god for elevene

Det store bildet er svært positivt: Osloskolen ble mer utjevnende enn den var. Elevene trivdes like godt som andre elever og fikk bedre faglige resultater. Lærerne trivdes, og foreldrene var fornøyde.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
kraft strøm
Mats Kirkebirkeland

Rekordhøye kraftutbytter etter rekordhøye kraftpriser?

De offentlige kraftselskapenes utbyttepolitikk spriker. Økte kraftpriser øker risikoen for feil- og overinvesteringer og sløsing i kraftsektoren.
Offentlig eierskapØkonomiNæringspolitikk
skole
Kristin Clemet

Dagsavisens dårlige argumenter

Astrid Søgnen-motstandere mener at Dagsavisen har bevist at Osloskolen led under en fryktkultur. Jeg har en annen oppfatning.
SkolepolitikkUtdanning og forskning
skole lærer
Kristin Clemet

Tendensiøst av Skurdal

Jeg har presentert forskningsfunnene akkurat slik de er: Osloskolen har gått fra å prestere dårligere enn resten av landet til å prestere bedre, både når det gjelder faglige resultater og gjennomføring. Den er også blitt mer utjevnende.
SkolepolitikkUtdanning og forskning

Nyhetsbrev og invitasjoner

Meld deg på nyhetsbrevet og få siste nytt levert i innboksen:

This field is for validation purposes and should be left unchanged.

Støtt Civita

Bidra til at Civita kan fortsette arbeidet med å formidle kunnskap og ideer som utvider rommet for politisk debatt.

Gi støtte

ARTIKLER

  • Ideer
  • Demokrati og rettigheter
  • Politikk og samfunn
  • Økonomi

Annet innhold

  • Politisk ordbok
  • Publikasjoner
  • Podcasts
  • Arrangementer, kurs og seminarer
  • YouTube

Om Civita

  • Om Civita
  • Medarbeidere
  • Støtt Civita
  • Kontakt oss
  • Retningslinjer for refusjon og retur

Følg oss

Civita - Twitter

Civita - LinkedIn

Civita - Instagram

Civita - Facebook

Civita - Youtube

  • Information in english
  • Personvernerklæring
civita@civita.no
Civita logo