Demokrati

Demokratisk utmattingssyndrom

Det er ingen grunn til å overdrive utfordringane for det norske demokratiet. Likevel er det nokre teikn som er uroande, og som potensielt kan svekkje den demokratiske legitimiteten. Eit av grepa som kan gjerast for å motverke trenden, er å stimulere deltakinga hjå veljarane i dei politiske prosessane, skriver Eirik Løkke i Bergens Tidende.

Publisert: 9. mars 2015

Av Eirik Løkke, rådgiver i Civita.

Eit kort blikk på det norske samfunnet avslører få openberre utfordringar. Hovudårsaka til at det har gått bra i Noreg, er i stor grad folkestyret vårt, som har utvikla sterke demokratiske institusjonar. Det er ingen grunn til å overdrive utfordringane, men folkestyret har nokre urovekkjande symptom – som til dømes lågare politisk deltaking, noko som på sikt kan truge den politiske legitimiteten. Nokre observatørar har snakka om eit demokratisk utmattingssyndrom. Kan det vere at det er valordninga, lenge sett på som sjølve hjørnesteinen i demokratiet, som er blitt den største trugselen mot demokratiet? Korleis kan vi stimulere til demokratisk deltaking i det 21. hundreåret?

Sjølv om norsk politikk i internasjonal målestokk er prega av låg korrupsjon, syner korrupsjonsindeksen frå Transparency International for 2013 at 41 prosent av norske borgarar meiner norske politiske parti anten er korrupte eller veldig korrupte. I 2011 var talet 26 prosent. I ein artikkel («Going, going … gone? The decline of party membership in contemporary Europe«) i European Journal of Political Research, skriv forskarane Ingrid van Biezen, Peter Mair og Thomas Poguntke at det i Europa berre er fire land som har hatt større nedgang i talet på partimedlemmer enn Noreg. Berre fem prosent av norske veljarar er medlemmer av eit politisk parti i dag. I 1980 var 15 prosent av norske røysteføre borgarar medlemmer av eit parti.

Den belgiske forfattaren og grunnleggjaren av G1000 (eit initiativ for å auke borgarane si deltaking i politiske avgjerder) David van Reybrouck meiner dei nemnde symptoma kan tyde på at dei europeiske demokratia lir av eit demokratisk utmattingssyndrom. Forklaringa på utviklinga, peikar mot tre forhold: Det er politikarane sin feil (populismediagnosen), det er demokratiet sin feil (teknokrati-diagnosen) og det er det parlamentariske demokratiet sin feil (direkte demokratidiagnosen).

Alt nemnde van Reybrouck lanserer i boka si «Mot val». Til forsvar for demokratiet ein alternativ diagnose: Det val-representative demokratiet. Dagens demokrati lir av kronisk valfeber, som undergrev det offentlege ordskiftet, mellom anna gjennom jag etter konfliktar. For van Reybrouck er løysinga ein moderne variant av det greske bydemokratiet, der posisjonar delvis vart baserte på loddtrekning. Eg er skeptisk til om loddtrekning er ei spesielt god løysing, men kritikken av moderne valkampar er ekstremt nyttig, fordi det tvingar oss til å reeksaminere inngrodde sanningar om forholdet mellom demokrati og val. Kva om vi kvart fjerde år, gjennom loddtrekning, trekte ut 169 tilfeldige nordmenn til å gjere teneste på Stortinget? Ville det bety ei vesentleg svekking av demokratiet vårt?

Sjølv om loddtrekning, til dømes til ulike offentleg utval, kan vere ein måte å styrke representasjonen og kan vere ein spennande tanke å gå vidare med, meiner eg at val framleis må vere berebjelken i demokratiet vårt. Og uansett om ein ønskjer val eller ikkje, så trengst reformer som fremjar politisk deltaking. Dette kan vi gjere gjennom å auke påverknaden til veljarane ved val, og at partia sjølve bidreg gjennom å opne nominasjonsprosessane endå meir.

Nominasjonane og nominasjonsprosessane i dei norske partia er ekstremt viktige fordi det er her ein i realiteten avgjer kven som blir dei øvste folkevalde. Det er ei «godt kjent hemmelegheit» at det berre er éin prosent av den norske befolkninga som deltek i desse prosessane, og som i røynda set saman persongalleriet på Stortinget. For at veljarane skal få gjennomslag for endringar av listene, må halvparten av veljarane i same valkrins gjere den same endringa. Det har aldri tidlegare skjedd. Medan partia i Noreg har full kontroll over kandidatsamansetninga, representerer Finland det andre ytterpunktet i Norden. I Finland er personval obligatorisk og mandata blir fordelte på partia i ein valkrins berre på grunnlag av personstemmene til kandidatane. Den svenske modellen representerer eit forsøk på å finne ein veg midt imellom – mellom omsynet til partia og til veljarane. Denne balansen har Sverige søkt å finne ved å basere personvalet på formelle sperregrenser.

Hovudregelen er at ein kandidat må ha ein viss del av det totale stemmetalet til partiet som personstemmer for at personvalet skal vere gyldig. I rapporten Personval ved stortingsval (2014) har forskarar ved Institutt for samfunnsforsking simulert korleis dei svenske reglane for personstemmer ville ha påverka samansetninga av Stortinget, og konkludert med at 26 av kandidatane ville blitt bytte ut med kandidatar lenger nede på lista. Men vi treng ikkje gjere lovendringar for å stimulere politisk deltaking. Ved å opne nominasjonsprosessane kan partia lettare nå og invitere veljarane med i dei politiske prosessane. I arbeidet kan ein gjerne hente inspirasjon frå Island. Medan dei norske nominasjonsprosessane har utmerkt seg ved å vere lukka, har islandsk politikk markert seg som meir open. Fleire av dei islandske partia har innført såkalla primærval, som er ein innleiande valrunde, for å velje dei som skal stille som kandidatar. Ein slik open prosess i norsk politikk kan vere ei mykje etterlengta revitalisering for det norske demokratiet.

Det er ingen grunn til å overdrive utfordringane for det norske demokratiet. Det norske samfunnet er prega av høg tillit, relativt høg valdeltaking og gode mogelegheiter for å påverke politiske prosessar. Likevel er det nokre teikn som er uroande, og som potensielt kan svekkje den demokratiske legitimiteten. Eit av grepa som kan gjerast for å motverke trenden, er å stimulere deltakinga hjå veljarane i dei politiske prosessane, deriblant opne partinominasjonane og innrømme veljarane meir makt på kostnad av partia ved stortingsval. Det er mest truleg eit nødvendig grep, men det er meir usikkert om det held.

Innlegget er på trykk i Bergens Tidende 9.3.15. En lengre versjon av denne teksten står på trykk i tidsskriftet Syn og Segn. Se også:

Civita-notat nr.12 2014: Et blikk på valgordningen, nominasjonen og deltakelsen i norske partier

Det norske samfunnet preges av høy tillit, relativt høy valgdeltakelse og gode muligheter for å påvirke politiske prosesser. Likevel er det noen tegn som er foruroligende, og som potensielt kan svekke den demokratiske legitimiteten.

Ett av dem er at antallet partimedlemmer har sunket de siste 30 årene, samtidig som partiene har opprettholdt sin sterke innflytelse over nominasjonene og dermed valget av personer til folkevalgte forsamlinger. Det er også bekymringsfullt at velgerne ved stortingsvalg ikke har noen reell innflytelse på hvilke personer som skal velges, og at ledelsen i partiene velges av en svært eksklusiv partielite.

I Norge bestemmer partimedlemmene svært mye, allerede før folket får uttrykke sin mening i valg. Det gjør den norske nedgangen i medlemskap ekstra betenkelig.

Dette notatet diskuterer tre forhold ved den demokratiske deltakelsen:

1) Partinominasjonene forut for valg.

2) Velgernes innflytelse ved valg.

3) Partimedlemmenes valg av partiledelse.

Last ned og les notatet her: Civita-notat_12_2014